Frå lærling til dagleg leiar

Fagområde: Industrimekanikar og motormekanikar Bedrift: Finio Drift AS For gardsguten Andreas Hofsvik (28) var det ikkje gitt at han skulle ende opp i den maritime bransjen, men med to fagbrev frå den maritime verda i bagasjen, så vart det slik. Då Andreas var ferdig på vidaregåande, tok han først fagbrev i industrimekanikarfaget etter læretida si i Havyard. Parallelt med dette vart Finio Drift AS grunnlagd av Fred-Åge Hyllestad. Finio er eit maritimt verkstad i Sørbøvåg i Hyllestad som utfører vedlikehald og reparasjonar for båtar og skip. I starten var det Fred-Åge som styrte skuta åleine, men då han i 2018 såg at det var behov for å skalere opp, tok han kontakt med vår mann Andreas: – Andreas hadde eg høyrt gode ting om, så han ville eg prøve å få over til oss, og det gjekk jo bra det, smiler Fred-Åge. Andreas starta difor si andre læretid her, denne gongen som motormekanikar. Etter fullført fagbrev nummer to, reiste han til Bergen på fagskulen for å fordjupe seg i maskinteknikk. Likevel var han stadig innom for å jobbe på Finio i både helger og ferier. I 2021 returnerte han til Sørbøvåg for å jobbe fulltid for Finio. – Det er ein kjekk arbeidsplass og eg er takksam for at Fred-Åge har vore ei god støtte for meg heile vegen, seier han. Tok over som dagleg leiar Tida gjekk og Andreas fekk stadig meir ansvar, særleg på det tekniske, og dei siste åra har han jobba både som mekanikar og prosjektleiar. For eit års tid sidan kom førespurnaden om han kunne tenke seg å ta over som dagleg leiar: – Å få det spørsmålet er heilt klart noko eg sett stor pris på. Samtidig har eg og Fred-Åge heile tida vore tette sparringspartnarar, så overgangen har i grunnen vore glidande på den måten. Fred-Åge fortel at Andreas er nøye, strukturert og flink til det meste og at han er trygg på at han har valt rett mann til å overta. Sjølv er ikkje Andreas spesielt opphengd i titlar: – Nei, arbeidskvardagen min er mykje det same. Det er i grunn berre tittelen som er ny. Eg er glad for at eg framleis får ha nokre dagar i produksjonen, og vere vanleg mekanikar og jobbe i lag med både lærlingar og andre kollegaer, smiler han. Ringen er slutta Gjennom PRO Vestland har Finio i år fått ny lærling i industrimekanikarfaget, 18 år gamle Elias Horne, og det er Andreas som er fagleg ansvarleg for han. Det må kunne kallast eit «full-circle moment». Andreas synest sjølv at det er kjekt å følge opp lærlingane. Så kjekt synast han faktisk det var at han har signalisert til PRO at han ønskjer å bli med i prøvenemnda og bli sensor: – Heilt sidan eg starta som lærling for 10 år sidan har eg hatt god dialog med PRO, så det hadde vore kjekt å gje noko tilbake. Eg håpar det kan vere inspirerande å sjå at det er mogleg å gå heile vegen frå lærling og til topps om ein ønskjer det, fortel han. Om Andreas skal gje eit råd til dagens lærlingar, så må det vere å halde på nysgjerrigheita:– Våg å stille spørsmåla, sjølv om dei kan kjennast dumme. Ein må prøve og feile, det er ikkje farleg, og ein må ta til seg all kunnskapen ein kan av dei andre ein jobbar med, avsluttar han. Elias Horne (18) er ny lærling i industrimekanikarfaget hos Finio og Andreas er fagleg ansvarleg. Del artikkelen på sosiale medier
Dagen etter fagbrevet var han lærling igjen

Fagområde: Industrimekaniker/Kjemiprosess Bedrift: SafeClean Sander Nikolai Øvrebø (22) er lærling i Høyanger-bedrifta SafeClean. Han er nyleg ferdig med fagbrev som industrimekanikar og allereie dagen etter ga han seg i kast med eit nytt fagbrev. SafeClean starta som ei kjemisk avlakkeringsbedrift og etter kvart bevega dei seg over mot olje- og gassindustrien. Dei leverer tenester som kjemisk og mekanisk reinsing, og sortering av farleg avfall. Av 40 tilsette totalt, er 20 basert i Høyanger. Bedrifta har tre lærlingar og ein av desse er Sander Nikolai. Nyleg bestod han fagbrev som industrimekanikar: – Eg har alltid hatt lyst til å bli mekanikar. Først tok eg eit år påbygg, og etter dette var eg i militæret, men eg kom stadig tilbake til mekanikardraumen. Så fekk eg tilbod om å komme hit og er veldig glad for det, fortel han. Fekk reise offshore Sander jobbar med vedlikehald av utstyr, til dømes med røyrspyleanlegget og anna utstyr som ein bruker offshore. Han har hatt ei variert læretid, og har mellom anna fått reise offshore og teke offshoresertifikat. Men for Sander heldt det ikkje med fagbrev som industrimekanikar, dagen etter fullført prøve gav han seg i kast med eit nytt fagbrev, denne gongen i kjemiprosess: – I alle år har vi hatt industrimekanikarlærlingar på SafeClean, og ofte går desse vidare og tek produksjonsteknikk. Men Sander hadde heller lyst til å ta kjemiprosess, så då heiv vi oss rundt og søkte om å bli godkjend som lærebedrift for dette. Han blir faktisk vår første lærling som tek dette og går dermed inn i historiebøkene, smiler Odd Erik Dingsøyr, avdelingsleiar hos SafeClean i Høyanger. Det er Odd Erik som blir fagleg leiar for Sander, då han sjølv har fagbrev i kjemiprosess i botn. Sander fortel at han trivst godt i SafeClean og har planer om å bli verande: – Når eg er ferdig med fagbrev nummer to, så vil eg ha både industrimekanikar og kjemiprosess, og då kan eg i praksis gjere alt. Eg blir nok ei potet her. Odd Erik forklarar at akkurat dette passar godt inn i profilen deira og effektiviserer arbeidskvardagen, på den måten at dei har både produksjonsarbeidar og vedlikehald i ein og same person. Bursdag og fagbrev – I dag blir det kake i lunsjen for å feire Sander. Ikkje berre har han bestått fagprøva som industrimekanikar med glans, han har også nettopp fylt 22 år, så her er det all grunn til å feire, seier Odd Erik nøgd. Del artikkelen på sosiale medier
PRO Vestland søker lærling i service og administrasjon

Likar du struktur, dialog med andre menneske og er nysgjerrig? Da kan lærling i service- og administrasjonsfaget hos PRO Vestland vere noko for deg. Vi er på jakt etter ein ny lærling som ønskjer å bli ein del av laget vårt. For oss er det ikkje nødvendigvis utdanning, karakterar eller tidlegare erfaring som er det viktigaste. Vi ser først og fremst etter deg som er nysgjerrig, tek initiativ og har lyst til å utvikle deg og bidra i arbeidskvardagen. Vi oppmodar også deg som ønsker å ta fagbrev seinare i livet eller vil prøve eit nytt yrke om å søke. Ein variert arbeidskvardag Som lærling i service- og administrasjonsfaget vil du ha varierte arbeidsoppgåver. Du vil mellom anna jobbe med kundekontakt og service, saksbehandling, registrering i digitale system og praktisk hjelp i det daglege arbeidet med lærlingar og bedrifter. Det gir deg eit unikt innblikk i korleis fagopplæringa i Vestland heng saman. Hos PRO Vestland blir du ein del av eit fagmiljø med varierte oppgaver og gradvis meir ansvar etter kvart som du utviklar deg. Malene Nummedal Bryn er tidlegare lærling hos oss, og var svært fornøgd med tida si her. No er ho assisterande butikksjef på Lindex i Førde, og tek fagskule i økonomi og ledelse på deltid ved Fagskolen Innlandet. Du kan lese meir om Malene si tid hos oss i denne artikkelen: Les om Malene Pro Vestland opplæringskontor var ein veldig god og interessant stad å vere lærling, fordi eg fekk vere med på mykje forskjellig – alt fra å delta i på utdanningsmesser, oppstart av prosjekt til lærlingmøte og bedriftsmøte. Og rekruttering av både lærlingar og medlemsbedrifter. Gjennom arbeidet fekk eg også innblikk i mange ulike fag og bransjar, og eg fekk sjå kva som faktisk ligg bak drifta av ei bedrift, mellom anna gjennom arbeidet med Miljøfyrtårn og med å utvikle og forbetre rutinar internt. Sjølv om eg allereie hadde fagbrev i salsfaget, valde eg å ta fagbrev i service- og administrasjonsfaget for å få større innblikk i det administrative arbeidet og for å ha eit godt fundament å byggje vidare på, og eg stortrivdes både fagleg og sosialt – det å få vere med og hjelpe unge med å finne gode og trygge læreplassar var ein veldig givande del av jobben, og eg hadde med glede vore lærling hjå Pro Vestland opplæringskontor igjen. Malene Nummedal Bryn Kva får du hos oss: Fagleg opplæring i service- og administrasjonsfaget Kontor på Concord-bygget saman med andre opplæringskontor Trygg arbeidsplass med gode kollegaer Moglegheit til å bli med på utveksling til utlandet Ein variert arbeidskvardag Vi ser etter deg som Likar struktur og i orden Kan kommunisere på norsk og engelsk, både skriftleg og muntleg Er nysgjerrig og vil lære Er glad i å snakke med andre Det viktigaste er ikkje at du kan alt frå før. Du kan vere ung og på veg ut i arbeidslivet for første gong, eller ha fleire år med arbeids- og livserfaring bak deg. Vi ønskjer søkjarar med ulik bakgrunn velkomne. Oppstart av læretid etter avtale. Vil du bli med på laget vårt? Då vil vi høyre frå deg! Send inn søknad, CV og kompetansebevis/vitnemål til jorunn.kirketeig@pro.sf.no. Merk emnefelt med «Lærling service- og administrasjonsfaget». Har du spørsmål om stillinga? Kontakt dagleg leiar Jorunn Kirketeig på 911 44 966 eller jorunn.kirketeig@pro.sf.no. Om PRO Vestland opplæringskontor PRO Vestland opplæringskontor har i snart 30 år vore bindeleddet mellom lærlingar og bedrifter i Vestland. Vi har lang erfaring frå teknologi- og industrifag, og har dei siste ti åra også jobba med lærlingar og lærebedrifter innan sals- og administrasjonsfag. I dag er vi fire tilsette som følgjer opp lærlingar og bedrifter, og jobbar for å skape ei trygg og lærerik læretid. Del artikkelen på sosiale medier
Målet er fornøgde kundar

Fagområde: Salsfag Bedrift: Coop OBS Bygg Førde Vi er her for kundane, slår dei to lærlingane Silje Avsnes (18) og Martine Tjønneland (19) på Coop OBS Bygg fast. Anten vi skal lage til ei utstilling eller hjelpe kundar med å finne det dei leitar etter, så er hovudfokuset vårt kundepleie og god service. Butikken har eit overveldande vareutval, av alt frå lamper til skap og verktøy, og dei to lærlingane kan fortelje om ein variert arbeidsdag. Silje og Martine, som er 1. og 2. årslærlingar har begge starta på sal og service faget, fordi dei ville ta ei utdanning der dei kombinerte skule med arbeid. At ein kan tene pengar i læretida er eit ekstra pluss, smiler dei to fornøgd. Mange er skuleleie og veit ikkje kva dei vil når dei skal velje linje på vidaregåande. Då er det veldig greitt å ta eit fag der ein får både arbeidspraksis, løn og kjem ut med eit fagbrev. Varierte oppgåver Martine har bestemt seg for å ta påbygg når fagbrevet er i boks. Målet er å bli eigedomsmeklar, og då trur eg det er veldig nyttig å ha eit fagbrev i salsfaget i botnen. Silje som er ferskare i faget vil i første omgang fokusere på fagbrevet i sal og service. Begge lærlingane skryt av arbeidsmiljøet på Coop OBS Bygg, og fortel at dei får vere med på alt frå å hjelpe kundar, vere i kassa, fylle på varer, bestille inn varer og å lage kampanjar og salstorg. Ingen dagar er like og vi får heile tida utfordre oss sjølve. Aldri kjedeleg Fornøgde kundar og kjekke medarbeidarar som har ein god tone og støttar kvarandre, er den viktigaste grunnen for at vi trivast på jobb. Vi har aldri ein kjedeleg dag på jobben, og om vi gjer ein god innsats får vi meir spennande og utfordrande oppgåver. Del artikkelen på sosiale medier
Malene koordinerer og administrerer

Fagområde: Service og administrasjon, har fagbrev i salsfagetBedrift: PRO Vestland Malene Nummedal Bryn (21) kjem frå Vik i Sogn, der mamma har jobba innan sal og service i 25 år. Eg har vore med ho på både jobb og messer i oppveksten, så eg viste tidleg kva retning eg skulle satse på. I 10. klasse hadde eg dessutan utplassering på Fleischer Hotell på Voss, og den sommaren eg var 16 år hadde eg jobb som resepsjonist på hotellet. Å få vere med å påverke og forme gode opplevingar for gjestane gav meirsmak, smiler Malene. På Sogndal VGS gjekk eg «Service og samferdsle», og «Sal, service og sikkerheit». Etter det flytta eg og ei venninne til Førde, og eg starta som lærling først hos Biltema og så på Spar. Med fagbrev i salsfaget starta eg så å jobbe på Power. Eg stortrivast med å jobbe i butikk, og har god erfaring med meg frå ulike butikkbransjar. – Men, etter eit halvt år i jobb var eg klar for fagbrev nummer 2, fortel ei energisk Vikajente. Orden og system Her på PRO-Vestland opplæring skal eg vere lærling i eit år før eg kan gå opp til fagprøva i «Service og administrasjon». Malene får god bruk for sine evner for struktur, orden og system. Ho styrer all postbehandlinga til opplæringskontoret. Kontoret har også ein 48-timers regel som seier at alle skal få svar innan denne fristen. Det er det mi oppgåve å passe på. Rutinar gjer livet lettare Malene likar å ordne opp for folk, og det får ho verkeleg gjort i denne jobben. 21-åringen sørger for å booke møter og kurs, og får alle lærlingane inn på rett plass i systemet – slik at alle veit kven som skal på kva kurs og samling. Eg sørger for å sette ting i system, og at det blir følgt. Rutinar er viktig, og gjer ting lettare for alle. Internasjonalt arbeid Å vere lærling her betyr at ein får vere med på ting ein aldri får på andre arbeidsplassar, slår ho fast. Vi er med i eit europeisk utvekslingsprosjekt ERASMUS og eg har fått jobben med å koordinere turen med utanlandske gjestar i Norge. I den samanheng fekk eg vere med som observatør på ein tur til Frankrike, i tillegg til yrkes-EM i Gdansk. Neste år skal yrkes-NM gå av stabelen her i Førde, og dette er viktig læring for det arrangementet. Kundeservice er eit isfjell Malene er veldig fornøgd med den vegen ho har tatt med tanke på utdanning, og seier at det ho driv med eigentleg er kundeservice. Det er som eit isfjell, forklarar ho. Salsdelen er toppen av isfjellet som du ser. Service og administrasjon er den delen du ikkje ser. Det er det som må til for at alt skal gå rundt i ei bedrift. Frå budsjett til skulebesøk I mitt fag er det uendeleg mange moglegheiter, smiler Malene fornøgd. Ho vurderer å ta økonomi og leiing på fagskulen i kombinasjon med påbygg etter at fagbrevet er på plass. Førebels er eg godt fornøgd med det eg held på med. Eg får prøve meg på alt frå budsjett til å reise på konferansar og skulebesøk. Del artikkelen på sosiale medier
Frå slam til ressurs

Fagområde: KjemiprosessBedrift: Wergeland Hos Wergeland Sløvåg finn du lærlingane Aleksander Ynnesdal (18) og Tobias Rabben Nilsen (18). Dei er lærlingar innan kjemiprosess, eit fag som styrer og overvakar reinsing av borevatn. Her på Wergeland får vi inn båtar med boreavfall frå Nordsjøen. Vi lastar det av båtane og fraktar det inn til anlegget, og tar inn vatn frå forbehandlingsprosessane. Dette prosessvatnet har olje og tungmetaller i seg, og vi sørger for at vatnet blir reinsa skikkeleg. Når prosessvatnet er komen i anlegget, passar vi på at maskinene går som dei skal. Vi har fire rensetrinn i anlegget som vatnet går gjennom for å bli rensa. Det er spennande å sjå korleis kjemikaliane hjelper til med å skilje skiten frå vatnet. Dette er framleis ein ressurs, og blir sendt til bioanlegg. Når vatnet er ferdig reinsa kan vi sleppe det ut igjen, seier Aleksander. Variert kvardag Å vere kjemiprosess-lærling er spennande og vi har ein variert kvardag. Du kan sitte på laboratoriet og sjå på prøver av vatnet. Vi har skiftordning på Wergeland, der vi går 12 timar på vakt. Vakta startar med vaktskifte, der tidlegare vaktansvarleg gir oss informasjon om kva som har skjedd og planen framover. Garantert jobb Det er stor etterspørsel etter folk med fagbrev innan kjemiprosess, så her er ein garantert jobb etter læretida. Eg har veldig lyst offshore, og kjemiprosess er ein god veg for å komme seg ut i Nordsjøen, seier Tobias. Del artikkelen på sosiale medier
Kva har mobilar, romrakettar og solceller til felles?

Alle inneheld silisium Fagområde: Laboratoriefag Bedrift: Elkem Bremanger I Svelgen ligg Elkem Bremanger, ein global produsent av silisium og ferro-silisium. Silisium er ein viktig del i fleire av produkta vi brukar kvar dag, slik som mobilen. Elkem er ei stor bedrift i lokalsamfunnet med over 230 tilsette, og lærlingar innan fleire fagområde. Lærlingar er viktige for oss. Vi får vere med å forme utdanninga til lærlingen, i tillegg til å utvikle fagkompetanse og fagarbeidarar, seier Trudi Vågene som er personalsjef på Elkem Bremanger. Ho har ansvar for alle dei tilsette og lærlingane. Legg til rette for ei lærerik tid Elkem er ei kjempespennande bedrift å ha læretida di! Vi har lærlingar innan fleire fagområde. Det er ein stor variasjon i utstyr og prosessar, slik at du best mogleg kan bygge kunnskap og erfaringar. Dette kjem godt med når du er ferdig med læretida. Fleire av våre lærlingar får tilbod om fast jobb. Det er lett å velje PRO igjen Elkem Bremanger har alltid brukt PRO Vestland til lærlingar. I starten av læretida ordnar PRO oppstartsmøte med lærlingen, bedrifta og opplæringskontoret. Dette er viktig for at lærlingen skal få så lærerik tid som mogleg. Dei er også flinke å tilrettelegge, og opne for tilbakemeldingar for å gjere det betre. I denne tida er det grøne skiftet høgst aktuelt, og det er viktig at PRO jobbar hand i hand med det bedriftene gjer. Derfor er det fint å sjå at PRO tar dette på alvor, og har fått miljøfyrtårn-sertifisering. Del artikkelen på sosiale medier
Alle skal ha det gøy på jobb

Fagområde: Logistikkfaget og industrimekanikkBedrift: Lerum Hos Lerum er dei opptatt av rekruttering til bedrifta, og det er ein viktig strategi å ha lærlingar i ulike fag. Slik sikrar saft-, jus- og syltefabrikken på Kaupanger seg ny kompetanse, samtidig som dei får ein god miks av seniorar og yngre medarbeidarar. Det er positivt for både kompetanseutvikling og arbeidsmiljøet. Frå Columbia til Sogn og logistikk Juan David Rivas Diaz (23) kom frå Colombia til Norge i 2018, for å ta utdanning. Han starta i Bergen med språkopplæring – først engelsk så norsk. Etter 3 år i Bergen med språkopplæring og TIP på vidaregåande, gjekk turen til Sogndal og eit år med faget transport og logistikk. Kult med truck Juan har nyleg starta som lærling i logistikkfaget hos Lerum, og stortrivast med å køyre truck. Det er mykje som skal lærast, men her startar dei med opplæring i lasting. Dei fleste synes det er trongt og skummelt å flytte på pallar med saft og sylteglas. Juan synest det var kult frå første dag. Utviklande med lærling Fagansvarleg Bent Sjøthun fortel at det er mykje dei skal gå i gjennom i læretida. Det er viktig å lære seg datasystemet, slik at ein held orden vareflyten. Alt må dokumenterast, og det krevst god struktur. Logistikkfaget er ein viktig del av fabrikken, og eg synes det er god læring for oss som er fagansvarlege å ha lærlingar. Det utfordrar oss og er utviklande for alle. Frå Hønefoss til Sogn og industrimekanikk Erling Skurdal Bjerktveit (18) vekependlar mellom Hønefoss og Sogn, for å få ei spennande og variert læretid som industrimekanikar på Lerum. Eg likar fysisk arbeid, og så må det helst vere litt variert – og det kunne eg ikkje få på austsida av fjella. Erling gjekk TI på Hønefoss, men fekk utplassering på Lerum, sidan faren jobba der. Eg er vaksen opp på gard og har alltid vore interessert i maskiner. Vi held på mange måtar hjula i gang på fabrikken, seier Arne Venes – som er fagansvarleg for lærlingen. Det er viktig med jamleg service på maskinene, og ting må reparerast, slik at det blir ein god miks av planlagde og akutte jobbar. I tillegg har vi større prosjekt som ombygging, riving og utbytting av maskiner. Vi har rikeleg å gjere på slår dei to fast. Løysingsorientert Kulturen her på Lerum er å vere løysingsorientert, presiserer Arne. Det er ikkje alltid vi har det vi treng, men ting kan som regel fiksast på ulike vis, og vi får det til. Det er ein god meistringsfølelse når vi har fiksa eit problem. Då blir alle rundt oss glade og vi ser at arbeidet vi gjer betyr mykje for andre. Alle blir sett Det beste med å vere på Lerum er ein variert kvardag og at vi har det gøy på jobb, smiler Erling. Når ein går i gangane i fabrikken, møter ein på blide folk som nikkar, seier hei og sender deg eit smil uansett. Her blir alle sett, og inkludert. Del artikkelen på sosiale medier
Delar med glede

Fagområde: Kjemiprosess, produksjonsteknikk og industriell matproduksjon Bedrift: Kavli Bergen Med ein gong du høyrer ordet Kavli, så tenker du kanskje kaviar og støtte til gode formål – og det er akkurat slik det er. Kavlifabrikken på Nesttun produserer smøreostar og andre smørbare pålegg, og slagordet er «del med glede». Kavlifondet deler ut heile overskotet frå Kavlikonsernet til gode formål. Dette gjennomsyrar tankegangen vår, fortel fabrikksjef Linda Kidøy Pedersen og fagansvarleg Roar Rauø. Det er ein del av vårt samfunnsansvar å ta i mot lærlingar i fabrikken, og bidra til at ungdommane får utdanning og arbeid. Samtidig er vi med og formar vår eiga framtidige arbeidskraft. Trygg arbeidsplass Vi har god dialog med skulane og tar alltid i mot elevar som ønskjer utplassering for å bli kjende med oss. For mange opplevast det trygt å komme hit fordi vi ikkje er ein så stor organisasjon. Kavlifabrikken har rundt 40 tilsette, fordelt på produksjon, laboratorium, kvalitet- og teknisk avdeling – så her er det mange ulike fagområde samla på ei forholdsvis lita bedrift. For tida har vi lærlingar i kjemiprosess og produksjonsteknikk, og vi håpar å få nye søkarar til faget industriell matproduksjon. Årets LEAN-leiar Roar, som er fagansvarleg for lærlingane, legg vekt på at det er eit inkluderande og godt arbeidsmiljø på fabrikken, noko som avspeglar seg i stabil arbeidskraft. Vi jobbar mykje med menneske og kultur, og fabrikksjef Linda vart kåra til årets *LEAN-leiar i 2023. Vi er nok ein litt annleis fabrikk, som er opptatt av å skape engasjement og motivasjon. Tilsette jobbar i tverrfaglege team, og vi oppfordrar alle til å komme med forslag om forbetringar. Resultat er rasjonelt arbeid, og ikkje minst samarbeid og meistringskjensle. Heile mennesket Det at vi saman med Q-Meieriene er ein del av Kavlifondet, meiner vi gjer oss til ein attraktiv læreplass. Vi er opptatt av å sjå og utvikle heile mennesket. Lærlingane kjenner seg trygge her, og saman med PRO opplæringskontor sørger vi for at dei kjem gjennom programmet som trengs fram til fagbrev. Ein ekstra bonus er utveksling til andre fabrikkar i Norge, Sverige og England. Alle tilsette får dessutan vere med og bestemme kva ein viss sum av overskotet skal gå til. Her spelar deira eigne lokale hjartesaker ei viktig rolle. Dei siste åra har vi mellom anna hatt fokus på ungdom og psykisk helse, og gode løysingar for klima og miljø. Vi tar gjerne i mot lærlingar i alle fagområda våre, avsluttar Linda og Roar. Vi tar vare på alle – og om ein har ulike utfordringar i kvardagen – så stiller vi opp. Kva er *LEAN? Leiararar og medarbeidarar jobbar saman over tid for å auke verdien for kundane, utan å sløse med ressursar, tid eller innsats. Levere verdi med mindre innsats. Del artikkelen på sosiale medier
Eg gløymer klokka når eg jobbar som industrimekanikar

Fagområde: IndustrimekanikarBedrift: Steinvik fiskefarm Eg har aldri hatt interesse av å skru i oppveksten, smiler Johannes Holvik (19), som er 2. års lærling i industrimekanikarfaget. No stortrivast han på Steinvik Fiskefarm sin base Seljeset. Her er det han og fagansvarleg Tore Haugen som styrer skuta. Johannes er i full aktivitet med å skru på ein båt som har motortrøbbel. Det er ikkje så mange som jobbar her, men verkstaden er stor og arbeidet er variert. På ungdomskulen viste eg ikkje kva eg ville, men så valde eg utplassering på TIP. Det var veldig annleis enn eg hadde tenkt – og veldig mykje gøy å gjere på. Læreplassen her hos Steinvik er fantastisk bra, skryt Johannes. Her er aldri ein kjedeleg dag, og eg får vere med på alt mogleg. Eg har alltid likt å køyre båt, og no får eg gjere det i jobben, smiler han fornøgd. Breitt spekter av jobbar Johannes og Tore fortel om ein arbeidsplass med ein veldig variasjon i arbeidsoppgåver. Oppdragsgjevaren er alle lokalitetane til Steinvik Fiskefarm, noko som betyr arbeid med båtar, motorar, vedlikehald, sveising, fôrmodular på sjøen, pussing og maling, presse hydraulikkslangar, dreie delar og ikkje minst å følgje båtane og modulane på serviceopphald på Westcon og Brødrene Aa. Det gir god praksis på andre typar verkstad, smiler Johannes fornøgd. Båtservice Elles lastar han gjerne opp ein båt med verktøy, reservedelar og olje – og tar service ut på oppdrettsanlegga. Det er viktig at lærlingane får sleppe til og prøve seg. Utfordringar er avgjerande for at folk trivast, presiserer Tore. Det kjekkaste her er å få jobbe med motorar og å sveise, ja då kan eg fort gjort å gløyme klokka, repliserer Johannes. Dei to mekanikarane viser fram ein Polarcirkel-båt som trengte oppgradering etter mange år på sjøen. Her er det blitt delvis styrehus og nye og komfortable seter. Eit godt stykke arbeid – frå teikning til ferdig resultat – som begge med rette kan vere stolte av. Del artikkelen på sosiale medier