Coop_2

Målet er fornøgde kundar

Fagområde: Salsfag 
Bedrift: Coop OBS Bygg Førde

Vi er her for kundane, slår dei to lærlingane Silje Avsnes (18) og Martine Tjønneland (19) på Coop OBS Bygg fast. Anten vi skal lage til ei utstilling eller hjelpe kundar med å finne det dei leitar etter, så er hovudfokuset vårt kundepleie og god service. Butikken har eit overveldande vareutval, av alt frå lamper til skap og verktøy, og dei to lærlingane kan fortelje om ein variert arbeidsdag.

Silje og Martine, som er 1. og 2. årslærlingar har begge starta på sal og service faget, fordi dei ville ta ei utdanning der dei kombinerte skule med arbeid. At ein kan tene pengar i læretida er eit ekstra pluss, smiler dei to fornøgd. Mange er skuleleie og veit ikkje kva dei vil når dei skal velje linje på vidaregåande. Då er det veldig greitt å ta eit fag der ein får både arbeidspraksis, løn og kjem ut med eit fagbrev.

Varierte oppgåver

Martine har bestemt seg for å ta påbygg når fagbrevet er i boks. Målet er å bli eigedomsmeklar, og då trur eg det er veldig nyttig å ha eit fagbrev i salsfaget i botnen. Silje som er ferskare i faget vil i første omgang fokusere på fagbrevet i sal og service. Begge lærlingane skryt av arbeidsmiljøet på Coop OBS Bygg, og fortel at dei får vere med på alt frå å hjelpe kundar, vere i kassa, fylle på varer, bestille inn varer og å lage kampanjar og salstorg. Ingen dagar er like og vi får heile tida utfordre oss sjølve.

Aldri kjedeleg

Fornøgde kundar og kjekke medarbeidarar som har ein god tone og støttar kvarandre, er den viktigaste grunnen for at vi trivast på jobb. Vi har aldri ein kjedeleg dag på jobben, og om vi gjer ein god innsats får vi meir spennande og utfordrande oppgåver.

Del artikkelen på sosiale medier

pro sf logo

Pro Vestland opplæringskontor

Adresse: Concordbygget, Firdaveien 6
Telefon: (+47) 57 83 22 60
E-post: post@pro.sf.no
Organisasjonsnummer: NO980 026 655

Personvern