Teknologi- og industrifag

Fagområde og lærebedrifter

 

Automatikarfaget

Automatiseringsfaget omfattar drift, vedlikehold og montering av automatiserte system for kontroll, styring og regulering av automatiserte produksjonsprosessar og elektromekaniske system. Det innebær blant anna å reparere, skifte ut, justere og kontrollere alt materiell som inngår i automatiserte anlegg og å montere og bygge automatiserte prosessar.

 

CNC-automatikerfaget

Du planlegg og gjennomfører produksjon, vel skjereverktøy og skjeredata og les teikningar og arbeidsskildringar. Du bruker, utviklar og redigerer program for styrte verktøymaskiner og bruker avansert teknologisk utstyr og maskineri i arbeidet. Ein faglært CNC-operatør får arbeid i store og små bedrifter, som ofte er høgt spesialiserte for framstilling av nye produkt for mekanisk industri, og i verkstader for vedlikehald av utstyr i annan industri. Du må vere nøyaktig, både når det gjeld manuelt arbeid med verktøymaskiner og måleverktøy og med omsyn til programmering og kontroll av program for styrte maskiner. Ein faglært CNC-operatør skal handtere heile prosessen frå mottak av materiale til framstilling av detaljar.

 

Dataelektronikkfaget

Ein dataelektronikar kan få arbeid i mange typar små og store bedrifter i dei fleste delar av nærings- og arbeidslivet. Viktige oppgåver er installasjon, drift og vedlikehald av ulike elektroniske system, datasystem og nettverk, bruk og behandling av utstyr, programvare, informasjon og data, oppretting av kommunikasjon mellom ulike typar utstyr og system, arbeid med sikkerheit, feilsøking og kommunikasjonsproblematikk, rådgiving overfor kunde i val og bruk av utstyr og system og utarbeiding av kundetilpassa dokumentasjon Du bør vere interessert i utvikling og ny teknologi og ha gode haldningar med omsyn til personvern og etikk. Du skal kunne ta initiativ, arbeide effektivt og vise god vurderingsevne. Du bør vere sørvisinnstilt og kunne lytte til kunden sine ønskje og behov.

 

Elektrikarfaget

Ein elektrikar arbeidar med å bygge og vedlikehalde elektriske lavspenningsanlegg, elektrisk utstyr og elektriske installasjonar. Vanlege arbeidsoppgåver for ein elektrikar er montering av elektriske system i alle typar bygg og installasjonar, reparere og utføre service på ekstisterande system og feilsøke og reparere feil. Elektrikaren arbeidar med blant anna bustad og andre typar bygningar, kraftproduksjonsanlegg, industri og landbruk, skip, olje- og gassinstallasjonar og elektriske kommunikasjons-, alarm- og sikkheitsanlegg.

 

IKT-Servicefaget

Aktuelle arbeidsplassar som er knytte opp mot drift og vedlikehald av IKT-system, finst i alle typar verksemder, både offentlege og private. Sentrale arbeidsoppgåver er drift og vedlikehald av IKT-systemet til verksemda, informasjonstryggleik, etikk og personvern, installasjon, bruk og vedlikehald av programvare, rådgiving, rettleiing og opplæring i bruk av IKT-system og sørvis og brukarstøtte Du må kunne arbeide systematisk og nøyaktig, både sjølvstendig og saman med andre. Gode kommunikasjonsevner og god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er viktig, og du må kunne behandle fortrulege opplysningar på ein etisk forsvarleg måte. Du bør ha evne til å tenkje nytt, vere kreativ og interessert i ny teknologi.

 

Industriell overflatebehandling

Du kan jobbe i verksemder som driv med overflatebehandling av ulike materialtypar, både innanfor offshore- og landbasert industri. Viktige arbeidsområde er å vurdere om eit produkt er eigna for overflatebehandling, forbehandle gods, mekanisk, kjemisk eller elektrolytisk, belegge komponentar med organiske eller uorganiske belegg, betene maskiner som transportør, pumper, kabinar, omnar, likerettarar m.m og kontrollere og styre prosessen ved avlesingar, målingar og analysar. Ein overflatebehandlar skal kunne arbeide systematisk, nøyaktig og effektivt, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør vere grundig og ha godt handlag.

 

Industrimekanikar-faget

Industrimekanikaren driv med tilverking av maskindelar, montering, vedlikehald og reparasjon og er ein allsidig montør og reparatør. Arbeidet kan være knytt både til produksjonsutstyr og til produkt som lek i produktsørvis. Du må tolke teikningar, spesielt samanstillingsteikningar, bruke alle typar handverktøy ved montering og demontering av maskinelement, varme opp og kjøle ned ved montering og demontering av maskinelement. Du arbeider med automatisert produksjon og meistrar pneumatikk og hydraulikk. Tilleggsutdanning med sertifikat som kranførar og /eller truckførar er vanleg. Du bør ha godt handlag og god kommunikasjon med både ingeniørar og fagoperatørar i bedrifta.

 

Industrimontørfaget

Arbeidsplassar for ein industrimontør finst innanfor ei rekkje verksemder som mekanisk industri og kjemi og prosess-, olje-, og skipsbygging. Ein industrimontør jobbar med industriell montasje innanfor både landbasert industri, offshoreverft og skipsverft. Du monterer og byggjer maskiner og elektromekanisk utstyr, pneumatiske og hydrauliske komponentar, utarbeider og driv med reparasjon og vedlikehald av maskinelt og mekanisk utstyr. I tillegg kjem reparasjonssveising og skjering i ulike materiale og bruk av ulike festemetodar og skruekoplingar, oljar og smørjeutstyr Du må arbeide systematisk, nøyaktig og effektivt, sjølvstendig og saman med andre. Du bør ha godt handlag og interesse for teknologi.

 

Industrirøyrleggjar-faget

Industrirørleggjaren arbeider med produksjon, montering og vedlikehald av røyrsystem til industrien, både på land og offshore. Kunnskap om materialeigenskapar, klargjering av material og bruk av samanføyingsteknikkar. Lekkasjetesting og overflatebehandling inngår også. Industrien leverer varer i ein internasjonal eksportmarknad med høge krav til kvalitet og effektivitet. Stabil produktkvalitet og bruk av automatiserte produksjonsmetodar er viktig, og du må følgje utviklingstendensane i samfunnet, både nasjonalt og internasjonalt. Du må vere nøyaktig, reflektert og ha ei kritisk vurderingsevne. Samarbeid, sjølvstendig arbeid og bruk av ny teknologi er andre krav til ein industrirøyrleggjar.

Automatiseringsfaget omfattar drift, vedlikehold og montering av automatiserte system for kontroll, styring og regulering av automatiserte produksjonsprosessar og elektromekaniske system. Det innebær blant anna å reparere, skifte ut, justere og kontrollere alt materiell som inngår i automatiserte anlegg og å montere og bygge automatiserte prosessar.

 

Kjemiprosessfaget

Jobben er å overvake, styre og regulere kjemiske prosessar som til slutt vert til produkt som bedrifta sel. I tillegg får du utføre enkelt vedlikehald på produksjonsutstyret. Ein fagoperatør i kjemiprosessfaget skal kunne starte, stoppe og drifte eit prosessanlegg og gjere dei vurderingar som trengst for å køyre anlegget trygt og sikkert. Du arbeider med kjemikalier av ulike faregrader og aggregattilstandar, ekstremt låge og høge temperaturar og trykk i tillegg til utstyr med store dimensjonar. Du bruker tekniske flytskjema, overvakar og bruker utstyr og anlegg og forstår kjemiske og fysiske reaksjonar. I tillegg skal du samarbeide med andre fagfolk og ikkje minst; ha opne sansar (lukte, lytte, sjå, føle) for å observere uønska situasjonar og vurdere naudsynte tiltak.

 

Kran- og lyfteoperasjonsfaget

Ein kranførar betjenar ulike kranar på byggeplassar, i hamnar og i offshoreindustrien. Vanlege arbeidsoppgåver for ein kranførar er krankøyring, løfteoperasjonar og dekksarbeik, samt vedlikehald av kraner. Kranføraren har overordna sikkerheitsansvar for at arbeidet går trygt føre seg. Kran og løfteoperasjonar kan være risikofylte, og derfor er det sett store krav til sikkerheit.

 

Laboratoriefaget

Du jobbar på eit laboratorium og utfører både rutinemessige analyser, deltar i metode og produktutvikling, tolkar og rapporterer analyseresultat både innan kjemi, fysisk materialprøving, mikrobiologi og bioteknologi. Oppgåvene er felles for ulike industrifelt og forsking. Prøvetaking i produksjonen eller utanfor laboratoriet er ofte ein del av arbeidet. Du bruker og vedlikehelde instrument og utstyr og gjer greie for aktuelle kjemiske prosessar . Faglaboranten arbeider sjølvstendig eller i samarbeid med andre fagfolk. Kunnskapar og dugleik er knytt til kvalitetssikring, teknologi, naturfag, matematikk, kjemi, bioteknologi, språk og materiallære.

 

Landbruksmaskin-mekanikarfaget

Ein landbruksmaskinmekanikar utfører service, feilsøkar og reparerer landbruks- og skogsmaskinar. Vedlikehald av maskinar inneber reinsing, smørjing og justering av dei ulike delane av maskina. Landbruksmaskinmekanikaren må ha detaljert kjennskap til maskinene og korleis desse fungerer.  Produksjon og reperasjon av maskinar er også ein del av kvardagen til ein landbruksmaskinmekanikar. Her nyttar ein handverktøy, sveiseutstyr, måleinstrument og spesialverktøy. 

 

Logistikkfaget

Ein logistikkoperatør kan arbeide i transportbransjen og i ei rekkje andre bransjar, som treforedlingsindustri, mekanisk industri, verkstadindustri, metallurgisk industri og annan industri eller næringsverksemd. Sentrale arbeidsoppgåver er sørvis, informasjon, rettleiing, kundebehandling, kommunikasjon og etikk, ordrebehandling, lagerhald og emballering, klargjering for sendingar, sikring av gods, vektavgrensing og vektfordeling ved transport, effektiv og sikker flytting av gods og varer, handtering og transport av varer som krev spesiell behandling, bruk av manuelle og elektroniske verktøy for transport, vareflyt og dokumentbehandling og bruk og vedlikehald av teknisk utstyr Du må kunne arbeide effektivt, nøyaktig og rasjonelt, både sjølvstendig og saman med andre og yte sørvis overfor kundar.

 

Motormekanikarfaget

Ein motormekanikar arbeider i verksemder som held ved like og reparerer mobile og stasjonære forbrenningsmotorar og drivverk, til dømes på båtar, verft og verkstader for motorreiskap. Du jobbar med montering, vedlikehald og reparasjon av pneumatiske og hydrauliske anlegg i båtar, av elektriske anlegg i mobile og stasjonære forbrenningsmotorar og drivverk, vel materiale og tilpassar detaljar for motorar og maskininstallasjonar med ymse maskiner, utstyr og verktøy. Ein motormekanikar må kunne arbeide systematisk, effektivt og nøyaktig, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør ha godt handlag og vere fingerferdig. Motormekanikaren har ofte direkte kontakt med kundar, og du bør vere serviceinnstilt og omgjengeleg.

 

Platearbeidarfaget

Ein motormekanikar arbeider i verksemder som held ved like og reparerer mobile og stasjonære forbrenningsmotorar og drivverk, til dømes på båtar, verft og verkstader for motorreiskap. Du jobbar med montering, vedlikehald og reparasjon av pneumatiske og hydrauliske anlegg i båtar, av elektriske anlegg i mobile og stasjonære forbrenningsmotorar og drivverk, vel materiale og tilpassar detaljar for motorar og maskininstallasjonar med ymse maskiner, utstyr og verktøy. Ein motormekanikar må kunne arbeide systematisk, effektivt og nøyaktig, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør ha godt handlag og vere fingerferdig. Motormekanikaren har ofte direkte kontakt med kundar, og du bør vere serviceinnstilt og omgjengeleg.

 

Produksjonsteknikk-faget

I dette yrket er det maskinene som gjer jobben. Den viktigaste oppgåva di er å starte, stoppe, styre og overvake maskinene slik at dei gjer det dei skal. Fagoperatøren tek prøvar, kontrollerer og justerer produksjonsmaskiner og anna utstyr, legg om produksjonslina til nye produkt, feilsøker og feilrettar og driv mindre vedlikehald. Hydraulikk, pneumatikk og annen automasjon vert ein stadig viktigare del av faget. Det er viktig at driftstida vert best mogleg nytta, samstundes som kvaliteten er i samsvar med det kunden har tinga. Faget krev overblikk og vilje til å følgje fastlagte prosedyrar. Det er en fordel med fagleg interesse for automatisering og datateknikk. Du må nytte sansane for å observere uønska situasjonar og vurdere naudsynte tiltak. Du arbeider sjølvstendig, samarbeider med andre og har evne til å løyse akutte problem raskt og effektivt.

 

Serigrafifaget

Ein serigraf arbeider i tekstil- eller trykkjeribransjen med trykking på plane, krumme eller uregelrette underlag i materiale som papir, kartong, plast, steingods, glas, metall og tekstilar. Jobben omfattar klargjering, innstilling og betjening av produksjonsutstyr og maskiner. Vidare omfattar det vedlikehald av produksjonsutstyr og maskiner. Du bør ha godt handlag, estetisk sans og vere nøyaktig og kreativ. Informasjon og reklame vert trykt på stadig fleire produkt, og du må ha evne til omstilling i takt med ny teknologi og nye arbeidsprosesser. Faget skal bidra til å ivareta miljøet gjennom resirkulering og reduksjon av skadelege utslepp.

 

Sveisefaget

Hovudoppgåva er å samanføye plater eller større konstruksjonar av metall ved hjelp av forskjellige sveisemetodar og teknikkar. Materialet varierer mykje både i tjukkleik og utforming. Arbeidsmetodane varierer også mykje og i tillegg til manuell sveising, må du også meistre automatisert sveising og styring av robotsveising. Det er mogleg å spesialisere seg innan ulike sveisemetodar ved å ta sertifikat som gjeld både nasjonalt og internasjonalt. Som sveisar bør du like å arbeide både utandørs og innandørs og ha ei positiv holdning til nøyaktighet og kvalitet og vilje til å følge nedskrivne framgangsmåtar eller prosedyrar. Kunne lese og tolke teikningar og arbeide etter instrukser og sveiseprosedyrar og følge angitt metode. Faget vil ofte krevje utdanning og sertifisering i samsvar med internasjonale standardar og krav.

 
 
 

Lærebedrifter

 

Ægir Byggeri AS

Ægir bryggeri er eit moderne håndverksbryggeri forankra i stolte ølbryggingstradisjonar. Dei lagar eit mangfald av kvalitetsøl som er etterspurt over heile landet og i utlandet.

Lærefag: Produksjonsteknikkfaget

Balholm AS

Balholm har i 20 år arbeida med eple, fruktdyrking, foredling av eplemost og bærmost i mange ulike variantar. I dag har Balholm seks tilsette og produserer omlag 300 000 liter drikke i året.

Lærefag: Produksjonsteknikkfaget

Bastal AS

Fra manuelt hardt arbeid til Europas mest moderne anlegg.

Lærefag: Sveisefaget


Bilfinger Industrial Services

Bilfinger Industrial Services avd. Høyanger

Enheten i Høyanger i Sogn og Fjordane er lokalisert med verksteder ved anlegget til Hydro Aluminium Høyanger, der vi er en foretrukken leverandør av vedlikeholdstjenester.

Bilfinger Høyanger har 40 ansatte.

Lærefag: Industrifag

 

Båtbygg AS

Helt siden starten for over 70 år siden har Båtbygg vært drevet frem av optimisme, pågangsmot og vilje til å satse når mulighetene har vært der. Dei har posisjonert seg som et av Norges ledende verft for ombygging, reparasjon og vedlikehold for offshor-, fiskeri og handelsfartøy.

Lærefag: Industrimekanikarfaget og motormekanikarfaget

Bjarne Espe Trevarefabrikk

Det heile begynte i 1948 i eit lite verkstad i Hjelmelandsdalen på Nordfjordeid. Etter å ha gått på Holmøy Arbeidskule fekk Bjarne Espe kontrakt med Den Norske Husfliden i Oslo om å lage gyngestolar. Ilag med sittegrupper, trebollar og fat, utgjorde dette levebrødet dei første åra. Med skreddarsydde produkt, unikt handverk og auge for detaljar vart Bjarne Espe raskt kjend for kvalitet, mellom anna Nordfjordkjøkkenet.

Lærefag: Industrisnekkerfaget

Daco Mekaniske AS

Daco held til på Kaupanger industriområde i Sogndal kommune og utfører alle typar oppdrag innan sveising, platearbeid, industrirøyrlegging, maskinering og konstruksjonar.

Lærefag: Industrirørleggerfaget, sveisefaget og platearbeiderfaget

Døskeland Marine

Målet vårt er å være den leiande leverandøren av Yamaha sine produkt og båter til fritid og fiske på Vestlandet.

Vi skal levere kvalitetsprodukt til konkuransedyktige priser samt å yte best mogleg service.

Lærefag: Motormekanikarfag, automasjonsfaget og salsfaget

 

Elkem

Elkem Bremanger er ei internasjonal høgkompetansebedrift med kundar innan elektronikk, solceller, vindmøller og bilindustri. Bedrifta er delt i to forretningsområde; eit støyperi (foundry) og ein produksjonshall for silisium (Silicon Materials). I tillegg kjem innkjøp, logistikk/materialadministrasjon, laboratorium, råstoff, transport, reinseanlegg, eldfast, økonomi, HMS, IT og personal.

Lærefag: Kjemiprosessfaget, laboratoriefaget, dataelektronikarfaget, produksjonsteknikkfaget og logistikkfaget

EWOS

Fiskeoppdrett har vorte ein av dei største og viktigaste næringane langs Norskekysten. Oppdrettsfisk treng fôr. Og fôrprodusenten treng lærlingar. EWOS er den største norske produsenten av fôr til laks og aure, og ein del av EWOS-gruppa som har fabrikkar i Skottland, Canada, Chile og Vietnam. Verksemda har også to andre fabrikkar i Noreg, men den største ligg i Florø.

Lærefag: IKT service, industrimekanikarfaget, produksjonsteknikkfaget, dataelektronikarfaget og logistikkfaget

XL-BYGG FARSUND BYGG

Farsund Bygg ble etablert i 1955. Helt siden oppstart har selskapet vært eid av familien Farsund. Virksomheten har hatt en jevn omsetningsøkning gjennom årene, og er i dag et veletablert selskap i Sogn og Fjordane innenfor trelast og byggevarehandel.

Lærefag: Logistikkfaget

Fiskevegn AS

Fiskevegn er en sentral aktør på den globale arena for linefiske. Som totalleverandør til autoline- og garnflåten yter vi også veiledning, råd og service innen områder som prosjektutvikling og fiskeriutvikling over hele verden. Vi leverer også utstyr til havbruk og offshore.

Lærefag: Industrifaget

 

FMC

With our proprietary technologies and production systems, integrated expertise, and comprehensive solutions, we are transforming our customers’ project economics.

Lærefag: Industrimekanikarfaget

Fjordpipe

Fjordpipe er ein av dei største røyrentreprenørane på Vestlandet, og jobbar med prefabrikkering og levering av komplette røyrsystem til landbasert industri, skip, offshore og bygg. Bedrifta er ein fleksibel samarbeidspartnar, som tek på seg oppdrag både på verkstaden og ute på installasjonar. Basen og verkstaden ligg i Eikefjord, midt mellom byane Florø og Førde.

Lærefag: Industrirøyrleggjarfaget og sveisefaget

Førde Mekaniske Industri

Av og til dukkar det opp ein oppfinnar på kontoret til den mekaniske bedrifta på Øyrane i Førde. Ikkje alle idear er like realistiske, men nokre av dei er så gode at det vert patent og produksjon, til dømes av grasfordelarane for silo som Førde Mekaniske Industri produserer og sel. Grasfordelarane vert selde gjennom Eik-kjeda.

Lærefag: Sveisefaget

Fresvik Produkt AS avd. Fresvik

Basert på modular skreddersyr Fresvik Produkt løysingar for både næringsmiddelindustrien, institusjonar og storkjøkken, skip og offshoreinstallasjonar. Fresvik Produkt er i dag marknadsleiar på kjøle- og fryserom til daglegvarehandel, bensinstasjonar og storkioskar.

Lærefag: Produksjonsteknikkfaget

 

Gardsbrenneriet AS

Gardsbrenneriet er startet av meg selv (Jann Vestby) og Synnøve Vik Bergstad og drives fra gården vår som ligger solfylt til på Hauge mellom fjord og fjell i vakre Nordfjord. Vi er begge Sivilingeniører i kjemi og har gjennom Gardsbrenneriet realisert drømmen om å kombinere utdannelsen vår med det gode livet som landsbygda i Norge kan by på.

Lærefag: Produksjonsteknikkfaget

Gas Tech AS

Gas Tech AS ble etablert i mars 2003 av Hans Kristian Ulvestad og Magne Kolstad, og er en videreutvikling av selskapene Gas Tech Norge AS og Gas Tech Ulvestad som ble etablert i år 2000. Gas Tech AS har sine spesialfelt innen installasjon av gass til bolig, industri, storhusholdning og bil.

Lærefag: Industrimontørfaget

Gasta design og kommunikasjon

Gasta har eksistert sidan 1998 og består av seks tilsette med lidenskap  for design og digital kommunikasjon. Mest av alt vil vi arbeide med å skape gode nettsider basert på Squarespace, men vi arbeider også mykje med merkevare- og designprosjekt.

Lærefag: Dataelektronikerfaget

Global Florø AS

Lærefag: Industrimontør, Industrimekaniker og Produksjonsteknikk

 

Halliburton

Halliburton i Florø er ein basestasjon som produserer og leverer ulike kjemikaliar til boreoperasjonar i Nordsjøen. Lager og logistikk på tvers av basar og offshore er også ein større del av drifta. I tillegg tek bedrifta i mot avfallsvæske til mellomlagring og sender den vidare til behandlingsanlegget som Halliburton nettopp har kjøpt på Mongstad.

Lærefag: Logistikkfaget

H-Vinduet Bauge AS

H-vinduet Bauge AS (tidl. Bauge Trevare AS) ble grunnlagt av Arne Bauge sommeren 1954. Bedriften eies fortsatt av familien Bauge, og drives nå i 3. generasjon. Norges vestligste vindusfabrikk med beliggenhet i vakre Florø, ytterst i Sunnfjord i Vestland fylke. Omgitt av flott natur og noe av det tøffeste kystklimaet langs norskekysten.

Lærefag: Produksjonsteknikkfaget, kontor- og administrasjonsfaget

Havyard Ship Technology

Skipsverftet ligg i Leirvik i Hyllestad Kommune, som har knapt 1500 innbyggjarar. Havyard er eit fullintegrert selskap innan skipsdesign, skipsbygging, systemleveransar og ettermarknad. Båtane som vert bygd i Leirvik er høgteknologiske fartøy som opererer i svært krevjande farvatn.

Utlysing lærlingplassar Havyard

Lærefag: Industrirøyrleggjarfaget, industrimekanikarfaget, platefaget, sveisefaget, IKT-servicefaget og logistikkfaget

Helle Fabrikker AS

Helle er industrihandverk. Vår forståing av kvalitet er bygd på at hand og maskin skal og må jobbe saman for å få eit best og mest unikt resultat. Det er dette som er kjerna av Helle sin filosofi. Vi har produsert knivar og bestikk med utgangspunkt i denne filosofien i nær hundre år, og vi har ikkje tenkt å forandre oss med det første.

Lærefag: Produksjonsteknikkfaget

 

I.O.S Tubular Management

I.O.S Tubular Management er ei offshoreretta servicebedrift som i hovudsak utfører maskinering av olje- og gasstette gjengeforbindelsar på “nedihullsutstyr”, det vil seie røyr og andre komponentar som går ned i ein olje- eller gassbrønn. ITM produserer gjenge på fòrings-, produksjons- og borerøyr, og lagar også diverse overgangar mellom ulike røyrtypar og dimensjonar.

Lærefag: CNC-maskineringsfaget, Automatiseringsfaget

INTIN AS

INTIN AS har en klar målsetting om å bli en ledende faghandel i Norge på ny smarthusteknologi. Deres slagord «enklere og tryggere» skal gjelde både det produktet som sluttbruker får, og det som de leverer av produkt og tjenester til boligleverandører og installasjonsbedrifter.

Lærefag: Dataelektronikarfaget og salsfaget

KMI Kleive Mekaniske & Industriservice

Dei viktigaste produktområda til KMI er isolasjonsprodukt til bygg og anlegg, emballasje til fisk og andre næringsmiddel og formstøypte spesialprodukt.

Lærefag: Automatikarfaget og industrimekanikerfaget

Klausen Industrier

Klausen Industrier Svelgen vart etablert i 1990 som ei moderne, allsidig servicebedrift. Avdelinga er ein viktig ressurs for smelteverksindustrien i Svelgen. Ho ligg eit par kilometer frå Bremanger Smelteverk og produserer kring 1000 elektrodemantlar årleg.

Lærefag: Platefaget, sveisefaget og industrimekanikerfaget

 

Linn Bad AS

I over 40 år har Linn Bad designa og produsert baderomsmøblar i Vik i Sogn.

“For oss handlar dette om handverkstradisjonar og kvar me kjem frå. Me har kvalitet, funksjonalitet og design i vårt DNA. Me er også opptekne av å skrive nynorsk. Me vil vere ekte, også når det gjeld språket vårt.”

Lærefag: Produksjonsteknikkfaget

Luster Mekaniske Industri

Vil du bli fleirfagleg og høgt kvalifisert sveisar eller industrirøyrleggjar? Luster Mekaniske Industri treng deg. Norsk sokkel har i mange år vore den største offshoremarknaden i verda og det vert investert som aldri før. Investeringane vil vere store i mange år framover, både på grunn av nye funn, kostnadseffektiv utbygging av gamle funn, teknologiutvikling og ombygging av eksisterande installasjonar.

Lærefag: Sveisefaget og industrirøyrleggjarfaget

Maritime Montering

Maritime Montering er leverandør av komplette marine og offshore overnattingsystem.

Maritime Montering starte som et snikkarverkstad i Bygstad i 1981. I dag består det av åtte dotterselskapet, der Maritime Montering er hovudselskapet i Marinacc gruppen.

Lærefag: Maritim innredning

MAXIM Gandrudbakken AS

Maxim Gandrudbakken tilbyr transfermerker, eller overføringstrykk, med knivskarpe detaljer, spesialeffekter og fantastiske farger. Maxim Gandrudbakken har store og små kunder i Norge så vel som i utlandet. Den moderne digitale produksjonen gjør at de også kan levere i små kvantum, som for eksempel navnemerker til idrettslag.

Lærefag: Serigrafifaget

 

Neisa

We operate borderless. We offer a single point of contact and smart logistics in
the whole Nordic region to make your day a great one. We secure a high-quality
service delivery performed on short notice. We care, and therefore we make
office people happy.

Lærefag: Dataelektronikerfaget

Nesseplast

Nesseplast er ein av EPS-pionerane i Noreg. Starten i 1957 var prega av fryseisolasjon og fiskeemballasje, men har utvikla seg til å omfatte alt innafor emballasje og tekniske produkt i isopor (EPS).

Lærefag: Produksjonsteknikkfaget og industrimekanikarfaget

Nortronik AS

Nortronik AS har hovedkontor i Førde og avdelingskontor på Lillestrøm. Nortronik er en totalleverandør innen brannvern, brannalarmanlegg, røykdykking og slokkeanlegg for brannslukking med gass. Organisasjonen består av 14 tilsette med bred og variert kompetanse på fagområder som brannvern og brannsikkerhet.

 Lærefag: Industrimontørfaget

Nortura avd. Sogndal

I Sogndal konsentrerer Nortura seg om foredling av råvarer, nærmere bestemt spekemat og pinnekjøtt. Foredlingsfabrikken i Sogndal lager spekemat og pinnekjøtt med høy kvalitet. Sognemorr, og Vestlands-pinnekjøtt er to av produktene bedriften er kjent for. Flere ganger har de fått det edleste metallet for Norges beste produkter.

Lærefag: Automatikerfaget og produksjonsteknikkfaget

 

Nortura Førde

Nortura er en av Norges største matprodusenter. Vi er bondens selskap; et samvirke eid av over 18 300 norske bønder.

I Nortura jobber vi hver dag for matglede, helse, bærekraft og verdiskaping over hele landet.


Lærefag: Industrimekanikarfag og logistikkfag

Nyrstar

Nyrstar har spesialisert seg på å skape nye, verdifulle råmateriale til bruk i industrien frå avfall. Hovudaktiviteten er å behandle filterstøv frå stålindustrien i Europa som er rikt på sink, i det høgteknologiske anlegget i Høyanger.

Lærefag: Produksjonsteknikkfaget

Oceaneering Asset Integrity avd. Florø

Oceaneering leverer sertifisering, inspeksjon og vedlikehold av løfteutstyr. Oceaneering Asset Integrity AS er sertifisert av Norsk Sertifisering og medlem av Lifting Equipment Engineers Association (LEEA).

Lærefag: NDT kontrollørfaget

Onshore Technologies AS

Lærefag: Industrimontørfaget

 

Ornes Båtbyggeri

Ornes Båtbyggeri blei etablert i 1975. Målet den gong var å produsere småbåtar i tre etter tradisjonell teknikk og med utgangspunkt i lokale tradisjonar. Seinare har den vesle bedrifta teke steg for steg, frå robåtar til snekker, – til ein i dag kan ta imot oppdrag på fartøy inntil 30 meter. I 1996 vart verksemda utbygd med m.a. ein ny stålhall for fartøy opp til 25 meter.

Lærefag: Trebåtbyggjarfaget

Pelagia avd. Kalvåg

Norway Pelagic er den største produsenten i verda av konsumprodukt av pelagisk råstoff, det vil i første rekke seie sild, makrell, hestmakrell, lodde og kolmule.

Lærefag: Industrimekanikarfaget

Petal AS

I nært samarbeid med arkitekter og entreprenører utvikler Petal AS metallfasader med fokus på individuell utforming og design. Hvert enkelt fasadeprosjekt er skreddersydd i samarbeid med arkitekt og entreprenør. Petal AS vil være med å realisere arkitektens og entreprenørens ideer, visjoner og mål.

Lærefag: Produksjonsteknikkfaget

Ramco Norway AS

Ramco har levert fremragende service i mer enn 40 år, og har spesialisert seg på pipe care excellence ™, inspeksjon, intern og ekstern sprengrensing og beskyttende belegg av Oil Country Tubular Goods (OCTG), brukt i leting og produksjon av olje og gass industri.

lærefag: Industrmekanikerfaget

 

Rocketfarm

Rocketfarm er eit robotikk- og teknologifirma som leverar løysingar innan IT og robotikk til industrien. Dei har 15 ansatte innen fagfeltene robotikk, automasjon og konsulenttjenester.

Lærefag: Automatikerfaget

Safeclean

SafeClean AS  vart etablert i 2002 og har sidan den tid spesialisert seg på rengjering av offshore relaterte system og komponentar.  Servicen blir tatt både offshore og onshore. SafeClean er eit innovativt selskap og har eit mål om å være den leiande problemløsar for kundar innenfor vårt tjenestespekter.

Lærefag: IKT servicefag og industrimekanikarfaget

Safeport

Wergeland SafePort driver hovedsakelig med kjettinginspeksjon, ingeniør tjenester og mekanisk virksomhet. Vi utfører både NDT og sakkyndig virksomhet relatert til løft. Vi har sertifisert sveiseinspektør ihht. NS477. Vi er også «approved service supplier» for DNV.GL og utfører inspeksjon og klassing på alle typer mooring utstyr relatert til offshore. Vi har moderne og effektive fasiliteter for kjetting inspeksjon og kan levere svært konkurransedyktige betingelser.

Lærefag: Elektrikarfaget

Saga Fjordbase

Saga Fjordbase AS er baseoperatør på den største forsyningsbasen i Norge. Basen har 24-timers åpningstid og Saga Fjordbase AS leverer tjenester som pakking, merking og forsendelse, transport og løft på basen, lasting og lossing av fartøy, verksted for tyngre maskiner, OCTG håndtering og lager, inne- og utelager, spedisjon, sjøtransport, vei- og lufttransport.

Saga Fjordbase drifter helt eller delvis mange av basekundene sine lager på basen og har inngående kunnskap om logistikk og transport mot operatører, kunder og leverandører i olje og gassnæringen.

Lærefag: Industrimekanikerfaget

 

Schlumberger Norge AS

Historien vår begynner med hva det virkelig betyr å være en teknologiinnovatør. Vår sunne fornuft forener 82 000 mennesker som representerer 170 nasjonaliteter med produkter, salg og tjenester i mer enn 120 land. Vi leverer bransjens mest omfattende utvalg av produkter og tjenester, fra leting gjennom produksjon, og integrerte pore-to-pipeline-løsninger som optimaliserer hydrokarbonutvinning for å levere reservoarets ytelse bærekraftig.
Lærefag: Logistikkfaget og Industrimontørfaget

Solheim Diesel

Dersom du liker å jobbe med båtar og motorar, er Solheim Diesel bedrifta for deg. Her er både båt- og motorverkstad, der ein reparerer båtar og båtmotorar, og butikk for det meste innan båtliv. Solheim Diesel har som målsetting å vere den leiande fritidsbåtleverandøren i Sogn og Fjordane. Sia starten i 1982 har bedrifta representert sterke merkenamn, og samstundes følgd den løpande utviklinga som båtbransjen har vore igjennom dei siste tiåra.

Lærefag: Motormekanikarfaget, reservedelsfaget og salsfaget

Solund Båtbyggeri AS

Solund Båtbryggeri er beliggende i en øykommune hvor man vet hva som trengs i en båt når sesongen andre steder er over og båten er fortsatt et fremkomstmiddel og nødvendighet.

Solund Båtbryggeri har lang erfaring med reparasjoner av båter. De har slippkapasitet opp mot 50 fot og 20 tonn. Denne kapasiteten jobbes det med å øke.

Lærefag: Komposittbåtbyggerfaget

Solund Verft

Solund Verft er eit fleksibelt og allsidig verft som driv både med nybygg, utrustning, ombyggingar, reparasjonar og vedlikehald av fartøy. Kundegruppene er fiskebåtar, lastebåtar, ferjer, oppdrettsbåtar, oppdrettsflåtar og brønnbåtar. Verftet driv og med lagring, vedlikehald og reparasjon av fritidsbåtar ved eige båthotell.

Lærefag: Platearbeidarfaget,sveisefaget, industrirørleggerfaget, motormekanikarfaget,
industrimekanikarfaget og logistikkfaget

 

Staro Tech

Staro Tech A/S kan tilby tjenester med tegning, produktutvikling og konstruksjon. Vi har allerede flere suksesshistorier og hjelper gjerne til med å skape flere. Hydraulikk reparasjon, vedlikehold, feilsøking eller konstruksjon. Vi har lang erfaring og god kompetanse. Vi utfører maskinering ved hjelp av styre freser og dreiebenker.

Lærefag: Industrimekanikerfaget

Steinvik Fiskefarm AS

Vi er ikkje størst, men vi er uredd. Vi er ei lokalt forankra familiebedrift med globalt fotavtrykk. Derfor investerer vi i ny teknologi, i nærmiljøet, i bransjesamarbeid, og i menneska som kan hjelpe oss med morgondagens utfordringar. Slik lagar vi millionar berekraftige laksemåltid årleg til kundar i heile verda.

Starten var i 1986 då Steinvik fekk sin fyrste konsesjon i sjø. I dag har vi 9 matfisklokalitetar, settefiskanlegg, rensefiskanlegg og storsmoltanlegg under bygging i naturskjønne Kinn, Bremanger og Askvoll – i nærleiken av byane Førde og Florø i Vestland.

Steinvik er ein viktig distriktsutbyggar, og er medeigar i fleire selskap.

Lærefag: Industrimekanikarfaget

Sunnfjord Industri AS

Ved gamlevegen over Ramsdalsheia mellom Førde og Florø ligg ei lita og fersk lærebedrift. Ikkje akkurat sentralt, men det er ikkje noko ulempe heller. Av og til går det nokre spenstige transportar ned dalen, oppdrag som treng dispensasjon når lasta er både for høg, for lang og for brei.

Lærefag: Sveisefaget, industrimontørfag og platearbeidarfaget

Swire Oilfield Services

Den første kunden til Swire Oilfield Services i Florø for 20 år sida var Saga Petroleum, som på den tida var operatør for Snorre-feltet. Seinare har aktiviteten og avdelinga vokse jamt, og driv no med utleige, vedlikehald, kontroll og sertifisering av transportutstyr, vask av tankar og omlasting av kjemikaliar.

Lærefag: Industrimontørfaget og logistikkfaget

 

Teekay Petrojarl Production

Teekay Petrojarl er et norsk oljeserviceselskap som opererer flytende plattformer (FPSO). Teekay Petrojarl har hovedkontor i Trondheim, og eies av det canadiske konsernet Teekay Corporation. Selskapet opererer ti flytende plattformer.

 Lærefag: Industrifag, kjemifag

TESS

TESS er ein norskeid og landsomfattande leverandør av produkt og tenester til industridrift og vedlikehald. Kjerneprodukta er høgtrykks- og lågtrykksslangar og slangearmaturar til alle føremål, med tilhøyrande tenester i vidt omfang.

Lærefag: Industrimontørfaget og salsfaget

T.Frivik Taubanedrift

T. Frivik Taubanedrift AS vart etablert i 2004 og er no den leiande aktøren i Norge på uttak av tømmer i bratt terreng samt montering/demontering av røyrgater i bratt terreng.

Lærefag: Industrimekanikarfaget

Tine avd. Vik i Sogn

TINE Meieriet Vik ligg i Vik i Sogn. Meieriet produserar Gamalost frå Vik og Mylsa. Kvar sommar tek meieriet inn bringebær frå dyrkarane i Vik som vert produsert til bringebærsaft og bringebærjuice. Antal tilsette ved anlegget er 15.

Lærefag: Industrimekanikarfaget, automatikerfaget og produksjonsteknikkfaget

 

Tine SA avd. Byrkjelo

TINE Meieriet Byrkjelo ligg i Byrkjelo i Sogn og Fjordane. Meieriet driv produksjon av Norvegia og brunost, samt porsjonspakking av Norvegia.

Lærefag: Industrifag

Total Repairs

Total Repairs AS er en bedrift som har som mål å tilby Total reparasjon på alt elektronikk. Fra smartmobil til stereoanlegg. Pr idag har vi mest Mobil, Nettbrett og datareprasjoner.

 

Lærefag: Dataelektronikerfaget

Trappeprodusenten AS

Agnar Ask er tredje generasjons trappeprodusent, og forvalter arven etter sin far og bestefar videre. Trappeprodusenten er Norges eldste produsent av trapper, og kunnskapen som har blitt tilegnet og ført videre gjennom generasjonene er en viktig faktor bak suksessen.

Lærefag: CNC-maskineringsfaget og møbelsnekkerfaget

Vik Fengsel

Vik fengsel ligg i Vik kommune og er ei eining med høgt og lågare sikkerhetsnivå. Fengselet har ein ordinær kapasitet på 39 plassar, der 28 er med høgt sikkerhetsnivå og 11 er med lågt sikkerhetsnivå.

Kriminalomsorgen skal gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjoner på en måte som er betryggende for samfunnet og som motvirker straffbare handlinger. Det skal legges til rette for at lovbrytere kan gjøre en egen innsats for å endre sitt kriminelle handlingsmønster

Lærefag: Industrimekanikerfaget og sveisefaget

 

Vik Ørsta

Vik Ørsta AS avd. Vik i Sogn disponerer i dag store romslege produksjonslokale og ny varmforzinkingshall som vart teken i bruk i 2009. Vik Ørsta er totalleverandør av trafikktryggleiksprodukt til den norske marknaden og eksporterer og store kvanta til dei andre nordiske landa.

Lærefag: Sveisefaget, automasjonsfaget, cnc maskineringsfaget, platearbeidsfaget, industriell overflatebehandling, industrimekanikar og salsfaget

Walcon Maritime

Walcon leverer tjenester til verftsindustrien, on- og offshore, landbasert industri, riggvedlikehold og havbruk.

Lærefag: Industrirøyrleggjar

Wergeland AS

I 2011 ble Wergeland AS utfisjonert frå Wergeland-Halsvik AS. Wergeland AS er i dag det største driftsselskapet i Wergelandgruppa og har følgande forretningsområder: Betongprodukter – ferdigbetong, drift av kaier i Gulen industrihamn, utvikling av nytt industriareal, fraktebåt, kabelferje.

Lærefag:

Wergeland Halsvik

Vårt fraktskip Halsvik 1 (IMO: 934 0738) transporterer og leverer langs hele Norskekysten.
Skipet brukes til både bulk og tradisjonell gods transport.

lærefag: Kjemiprossesfaget

 

Wergeland Holding AS

Wergeland gruppa er lokalisert i Gulen industrihamn vis à via Mongstad. Konsernet har aktiviteter innan miljøservice, betong, industriutvikling, havne- og marine tjenester.

Lærefag: Industrimekanikarfaget

West Industri Service

West Industri Service AS produserer og monterer rørsystem og stålkonstruksjoner til skip, offshore og landbasert industri. Gjennom høyt kvalifiserte og motiverte medarbeidere leverer vi kvalitet og pålitelighet som imøtekommer kundens krav og behov.

Lærefag: Platearbeiderfaget, industrimontørfaget, industrirørleggerfaget, industrimekanikerfaget, Sveisefaget, brønnfaget og komplettering

Westmek AS

På Stadlandet har det sidan midten av 1990-talet blitt produsert utstyr av god kvalitet til å behandle fisk ombord i havgåande fiskefartøy. Westmek AS er ei videreføring av denne type verksemd og selskapet blei etablert i 2004.

Westmek produserer utstyr for behandling av fisk om bord i havgående fiskefartøy. Selskapet prosjekterer, teikner og monterer installasjoner i rustfritt stål, syrefast stål og aluminium over heile Nord-Vestlandet.

Lærefag: Industrimekanikerfaget

Østerbø Maskin

Som lærling hos oss kjem du til ei innovativ bedrift mellom høge fjell i Sogn. Østerbø Maskin har lang erfaring som praktisk problemløysar for industri, havbruk, offshore, landbruk, bygg og anlegg, samt brei erfaring med industrivedlikehald, både elektro, automasjon og mekanisk. Vi har maskinforretning og serviceverkstad for det meste innan bransjen. 

Lærefag: Industrimekanikarfaget, automatikerfaget og eletrikerfaget

 

Yndestad Mekaniske AS

Yndestad Mekaniske AS er ei allsidig mekanisk bedrift retta inn mot landbruk og industri. Per idag er det ti tilsette i bedrifta i Bygstad i Gaular, Vestlandet. Bedrifta jobber i stål, rustfritt og aluminium, og produserer bl.a. røyr og luker til småkraftsindustrien.

Yndestad Mekaniske er nok mest kjent for sin produksjon av traktorskuffer.

Lærefag: Platearbeiderfaget og sveisefaget

 
pro sf logo

Pro Vestland opplæringskontor

Besøksadresse: Concordbygget, Firdaveien 6
Postadresse: Postboks 492, 6803 Førde
Telefon: (+47) 57 83 22 60
E-post: post@pro.sf.no
Organisasjonsnummer: NO980 026 655

Personvern

Hopp rett ned til innholdet