miljofyrtarn_pro_vestland_sf
 

Har du lyst å bli lærling hos oss?

Når du sender søknad til oss, har du søkt til alle våre medlemsbedrifter som tilbyr læreplass i relevant fag for deg. Du får vere lærling i store eller små bedrifter. I læretida di får du moglegheit til utplassering i utlandet. Du får tett oppfølging frå oss og får vere med på faglege og sosiale arrangement (eks. konsertar, skihelg, gocartkøyring/trafikktryggleik mm.).

Vi gleder oss til å samarbeide med deg om di fagutdanning. Hugs å registere søknaden din på Vigo også.

Nokre tips til deg som skal søke lærlingplass:   

  1. Hugs å registrér deg i VIGO.

  2. Start jakta tideleg! Vær tidleg ute og vis interesse. Finn informasjon om kva fag du ønskjer å være lærling i, og kva bedrifter som er aktuelle for deg. Det er positivt å være ute i god tid, og fleire bedrifter tilsett lærlingar fortløpande.

  3. Ha ein oppdatert søknad og CV.

  4. Vær tilgjengeleg slik at vi får kontakt med deg i søknadsprosessen.  

  5. Hugs at du må kunne dokumentere innhaldet i søknad og CV. 

Søknadsfrist for alle lærlingplassane er 01. mars. Men hugs at fleire av bedriftene startar tidleg med rekrutteringa og tilsett lærlingar fortløpande. Søk difor så tidleg som mogeleg.  

 
 

Kva skjer når du har sendt søknaden?

Når du har søkt læreplass hos oss, er det våre medlemsbedrifter som bestemmer kven dei tar inn til intervju, og kven som får læreplass.  Etter at du har sendt søknaden mottar du ein e-post som stadfestar at vi har fått den. Når du har mottatt stadfesting, vil du ikkje høyre frå oss utan at du blir kalla inn til intervju.

Etter eit eventuelt intervju vil du enten få tilbod om læreplass eller avslag. Mottar du tilbod må du svare skriftleg innan 48 timar. Denne informasjonen finn du i tilbodsbrevet. 

Dersom du får avslag vil din søknad vere med til dei andre medlemsbedriftene, eit avslag er altså avslag berre frå den bedrifta du har vore på intervju hos.

 

Hugs: Det er positivt om du sjølv er aktiv og kontaktar bedriftene. 

Lukke til med søknadsprosessen! 

pro sf logo

Pro Vestland opplæringskontor

Besøksadresse: Concordbygget, Firdaveien 6
Postadresse: Postboks 492, 6803 Førde
Telefon: (+47) 57 83 22 60
E-post: post@pro.sf.no
Organisasjonsnummer: NO980 026 655

Personvern

Hopp rett ned til innholdet