Medieproduksjon
Fagområde og lærebedrifter
Opplæringa i mediegrafikerfaget skal gje lærlingen eit nært forhold til verklegheita i arbeidslivet og til medias utvikling og utfordringar. Opplæringa skal bidra til at lærlingen kan arbeide i samsvar med etiske normer som gjeld for faget og bransjen. Opplæringa skal gje forståing av fagets betydning i verdiskapingskjeda og korleis konkrete idear kan utviklast og problemstillingar kan møtes i praksis innanfor dei enkelte mediebærernes moglegheiter og begrensningar. Opplæringa skal videreutvikle lærlingens kreative ferdigheiter og kompetanse i design og produksjon. Kundebehandling, økonomi, produktfunksjonalitet og helse, miljø og sikkerheit inngår i opplæringa.
Les meir på Utdanningsdirektoratet sine sider.
Lærebedrifter
A til Å | Grafisk Design og Media
A til Å lagar logoar, grafiske profilar, websider, lettleste magasin, nyheitsbrev og filmsnuttar. Alt frå idéutvikling til ferdig produkt. Bedrifta held til i Florø.
Lærefag: Mediegrafikerfaget og salsfaget
Gasta har eksistert sidan 1998 og består av seks tilsette med lidenskap for design og digital kommunikasjon. Mest av alt vil vi arbeide med å skape gode nettsider basert på Squarespace, men vi arbeider også mykje med merkevare- og designprosjekt.
Lærefag: Dataelektronikerfaget og Mediegrafikerfaget
I 2021 er Rein Design eit moderne kommunikasjonsbyrå, som leverer tenester innan design, kommunikasjon og digital marknadsføring. Vi er også ansvarleg utgjevar av nettmagasinet iførde.no.
Lærefag: Mediegrafikerfaget