miljofyrtarn_pro_vestland_sf

Rekruttering, Opplæring Og Kvalitetssikring

Pro Vestland opplæringskontor er eit bransjekontor for teknologi- og industrifag, salsfag, administrasjonsfag og medieproduksjonsfag. Vi jobbar med og for bedrift og lærling, for å sikre best mogeleg resultat. Pro Vestland opplæringskontor er registrert som ei non-profit stifting og vart oppretta i 1997.

Håndtering av lærlingar er vår primære oppgåve. I tillegg hjelper vi til med praksiskandidatar, frivillige lærlingar og tilrettelegging av kurs. Pro Vestland Opplæringskontor består av eit mangfald av bedrifter i heile fylket og vi håndterar 100 – 150 lærlinger i året. Som eit serviceorgan for bedriftene, bistår vi lærebedrift og lærling gjennom heile prosessen.

 

Vi Gjer Det Enkelt Og Trygt Å Vere Lærling Og Lærebedrift

Vi rekrutterer lærlinger til våre medlemsbedrifter og følger opp lærlingane frå søknad om læreplass til fagarbeider. Vårt mål er å gjere fagopplæring enkelt og trygt for lærling og lærebedrift. Saman formar vi framtidas arbeidskraft.

Organisasjon

Formål

Opplæringskontoret sitt formål er å rekruttere, planleggje, gjennomføre og koordinere fagopplæring. Det er Opplæringslova, med forskrifter som regulerer arbeidet med lærekontrakt og opplæringskontrakter.

Opplæringskontoret kan ha medlemsbedrifter i heile landet.
Opplæringskontoret skal tilrettelegge og bistå med gjennomføringa av generell kompetanseutvikling i medlemsbedriftene innanfor dei områda som er aktuelle. Kontoret skal vere ein møteplass i kompetansespørsmål for medlemsbedriftene. Opplæringskontoret skal vere koordinator og på drivar i informasjonsarbeidet ovanfor elevar, lærarar, rådgjevarar og foreldre som er knytt til grunn og vidaregåande skule.

Opplæringskontoret sitt verkeområde er alle fag som kontoret til ei kvar tid har godkjenning i. Opplæringskontoret skal sørge for å få på plass godkjenning i fag når ei eller fleire av bedriftene har behov for nye fag.

Opplæringskontoret skal vere organisert som ei stifting. Stiftinga er ideell og ikkje ei næringsdrivande stifting. Stiftinga har ikkje til formål å drive med erverv eller å gje økonomisk overskot. Stiftinga skal også kunne ivareta formålet ved å eventuelt etablere eller gå inn som eigar i aksjeselskap eller andre selskap.

Styret

Styret i Pro Vestland opplæringskontor består av:

  • Øyvind Indrebø, styreleiar, Coop Nordvest
  • Svein Arne Sandvik, Elkem Bremanger
  • Unni Verlo, styremedlem, Tine Byrkjelo
  • Gyda Bøtun, styremedlem, Fresvik Produkt
  • Odd Erik Dingsøyr, styremedlem, Safeclean AS

Organisasjonskart

Klikk på biletet for større versjon.

pro sf logo

Pro Vestland opplæringskontor

Besøksadresse: Concordbygget, Firdaveien 6
Postadresse: Postboks 492, 6803 Førde
Telefon: (+47) 57 83 22 60
E-post: post@pro.sf.no
Organisasjonsnummer: NO980 026 655

Personvern

Hopp rett ned til innholdet