Bli medlemsbedrift
Pro Vestland opplæringskontor jobbar for å styrke fagopplæring i industri- og teknologibedriftene, salsbedriftene og mediebedriftene i Vestland. Ta gjerne kontakt dersom di bedrift ynskjer meir informasjon om medlemskap og kva vi kan bidra med.
Informasjon til bedrift
Fyll gjerne ut skjema for å søkje om å bli medlemsbedrift, eller kontakt oss om du treng meir informasjon.
Pro Vestland opplæringskontor er eit bransjekontor for teknologi- og industrifag, salsfag, administrasjonsfag og medieproduksjonsfag. Vi er ei non-profit stifting, som rekrutterer lærlinger til våre medlemsbedrifter og følger opp lærlingane frå søknad om læreplass til fagarbeider. Vårt mål er å gjere fagopplæring enkelt og trykt for lærling og lærebedrift. Saman formar vi framtidas arbeidskraft.
Pro utfører mellom anna følgjande oppgåver på vegne av medlemsbedriftene:
- Utfyller lærekontrakter og sender desse til Utdanningsetaten for godkjenning
- Melder lærlingar til obligatorisk teoriundervisning
- Melder lærlingar opp til fag/sveineprøve i samsvar med ynskje frå medlemsbedrift og lærling
- Orienterer medlemsbedriftene om opplæringslova og anna gjeldane regelverk
- Oppfølging av læreforholdet med kontroll av opplæringsplan
- Orienterer medlemsbedriftene om opplæringslova og anna gjeldane regelverk: Link til ny forsskrift til opplæringslov