Delar med glede
Fagområde: Kjemiprosess, produksjonsteknikk og industriell matproduksjon
Bedrift: Kavli Bergen
Med ein gong du høyrer ordet Kavli, så tenker du kanskje kaviar og støtte til gode formål – og det er akkurat slik det er. Kavlifabrikken på Nesttun produserer smøreostar og andre smørbare pålegg, og slagordet er «del med glede». Kavlifondet deler ut heile overskotet frå Kavlikonsernet til gode formål.
Dette gjennomsyrar tankegangen vår, fortel fabrikksjef Linda Kidøy Pedersen og fagansvarleg Roar Rauø. Det er ein del av vårt samfunnsansvar å ta i mot lærlingar i fabrikken, og bidra til at ungdommane får utdanning og arbeid. Samtidig er vi med og formar vår eiga framtidige arbeidskraft.
Trygg arbeidsplass
Vi har god dialog med skulane og tar alltid i mot elevar som ønskjer utplassering for å bli kjende med oss. For mange opplevast det trygt å komme hit fordi vi ikkje er ein så stor organisasjon. Kavlifabrikken har rundt 40 tilsette, fordelt på produksjon, laboratorium, kvalitet- og teknisk avdeling – så her er det mange ulike fagområde samla på ei forholdsvis lita bedrift. For tida har vi lærlingar i kjemiprosess og produksjonsteknikk, og vi håpar å få nye søkarar til faget industriell matproduksjon.
Årets LEAN-leiar
Roar, som er fagansvarleg for lærlingane, legg vekt på at det er eit inkluderande og godt arbeidsmiljø på fabrikken, noko som avspeglar seg i stabil arbeidskraft. Vi jobbar mykje med menneske og kultur, og fabrikksjef Linda vart kåra til årets *LEAN-leiar i 2023. Vi er nok ein litt annleis fabrikk, som er opptatt av å skape engasjement og motivasjon. Tilsette jobbar i tverrfaglege team, og vi oppfordrar alle til å komme med forslag om forbetringar. Resultat er rasjonelt arbeid, og ikkje minst samarbeid og meistringskjensle.
Heile mennesket
Det at vi saman med Q-Meieriene er ein del av Kavlifondet, meiner vi gjer oss til ein attraktiv læreplass. Vi er opptatt av å sjå og utvikle heile mennesket. Lærlingane kjenner seg trygge her, og saman med PRO opplæringskontor sørger vi for at dei kjem gjennom programmet som trengs fram til fagbrev. Ein ekstra bonus er utveksling til andre fabrikkar i Norge, Sverige og England. Alle tilsette får dessutan vere med og bestemme kva ein viss sum av overskotet skal gå til. Her spelar deira eigne lokale hjartesaker ei viktig rolle. Dei siste åra har vi mellom anna hatt fokus på ungdom og psykisk helse, og gode løysingar for klima og miljø.
Vi tar gjerne i mot lærlingar i alle fagområda våre, avsluttar Linda og Roar. Vi tar vare på alle – og om ein har ulike utfordringar i kvardagen – så stiller vi opp.
Kva er *LEAN?
Leiararar og medarbeidarar jobbar saman over tid for å auke verdien for kundane, utan å sløse med ressursar, tid eller innsats. Levere verdi med mindre innsats.
Del artikkelen på sosiale medier