Frå slam til ressurs
Fagområde: Kjemiprosess
Bedrift: Wergeland
Hos Wergeland Sløvåg finn du lærlingane Aleksander Ynnesdal (18) og Tobias Rabben Nilsen (18). Dei er lærlingar innan kjemiprosess, eit fag som styrer og overvakar reinsing av borevatn.
Her på Wergeland får vi inn båtar med boreavfall frå Nordsjøen. Vi lastar det av båtane og fraktar det inn til anlegget, og tar inn vatn frå forbehandlingsprosessane. Dette prosessvatnet har olje og tungmetaller i seg, og vi sørger for at vatnet blir reinsa skikkeleg. Når prosessvatnet er komen i anlegget, passar vi på at maskinene går som dei skal. Vi har fire rensetrinn i anlegget som vatnet går gjennom for å bli rensa. Det er spennande å sjå korleis kjemikaliane hjelper til med å skilje skiten frå vatnet. Dette er framleis ein ressurs, og blir sendt til bioanlegg. Når vatnet er ferdig reinsa kan vi sleppe det ut igjen, seier Aleksander.
Variert kvardag
Å vere kjemiprosess-lærling er spennande og vi har ein variert kvardag. Du kan sitte på laboratoriet og sjå på prøver av vatnet. Vi har skiftordning på Wergeland, der vi går 12 timar på vakt. Vakta startar med vaktskifte, der tidlegare vaktansvarleg gir oss informasjon om kva som har skjedd og planen framover.
Garantert jobb
Det er stor etterspørsel etter folk med fagbrev innan kjemiprosess, så her er ein garantert jobb etter læretida. Eg har veldig lyst offshore, og kjemiprosess er ein god veg for å komme seg ut i Nordsjøen, seier Tobias.
Del artikkelen på sosiale medier