Steinvik_fiskefarm_4

Eg gløymer klokka når eg jobbar som industrimekanikar

Fagområde: Industrimekanikar
Bedrift: Steinvik fiskefarm

Eg har aldri hatt interesse av å skru i oppveksten, smiler Johannes Holvik (19), som er 2. års lærling i industrimekanikarfaget. No stortrivast han på Steinvik Fiskefarm sin base Seljeset. Her er det han og fagansvarleg Tore Haugen som styrer skuta. Johannes er i full aktivitet med å skru på ein båt som har motortrøbbel. Det er ikkje så mange som jobbar her, men verkstaden er stor og arbeidet er variert.

På ungdomskulen viste eg ikkje kva eg ville, men så valde eg utplassering på TIP. Det var veldig annleis enn eg hadde tenkt – og veldig mykje gøy å gjere på. Læreplassen her hos Steinvik er fantastisk bra, skryt Johannes. Her er aldri ein kjedeleg dag, og eg får vere med på alt mogleg. Eg har alltid likt å køyre båt, og no får eg gjere det i jobben, smiler han fornøgd.

Breitt spekter av jobbar

Johannes og Tore fortel om ein arbeidsplass med ein veldig variasjon i arbeidsoppgåver. Oppdragsgjevaren er alle lokalitetane til Steinvik Fiskefarm, noko som betyr arbeid med båtar, motorar, vedlikehald, sveising, fôrmodular på sjøen, pussing og maling, presse hydraulikkslangar, dreie delar og ikkje minst å følgje båtane og modulane på serviceopphald på Westcon og Brødrene Aa. Det gir god praksis på andre typar verkstad, smiler Johannes fornøgd.

Båtservice

Elles lastar han gjerne opp ein båt med verktøy, reservedelar og olje – og tar service ut på oppdrettsanlegga. Det er viktig at lærlingane får sleppe til og prøve seg. Utfordringar er avgjerande for at folk trivast, presiserer Tore. Det kjekkaste her er å få jobbe med motorar og å sveise, ja då kan eg fort gjort å gløyme klokka, repliserer Johannes. Dei to mekanikarane viser fram ein Polarcirkel-båt som trengte oppgradering etter mange år på sjøen. Her er det blitt delvis styrehus og nye og komfortable seter. Eit godt stykke arbeid – frå teikning til ferdig resultat – som begge med rette kan vere stolte av.

Del artikkelen på sosiale medier

pro sf logo

Pro Vestland opplæringskontor

Adresse: Concordbygget, Firdaveien 6
Telefon: (+47) 57 83 22 60
E-post: post@pro.sf.no
Organisasjonsnummer: NO980 026 655

Personvern