lærlingerlab2

Kva har mobilar, romrakettar og solceller til felles?

Alle inneheld silisium

Fagområde: Laboratoriefag 
Bedrift: Elkem Bremanger

I Svelgen ligg Elkem Bremanger, ein global produsent av silisium og ferro-silisium. Silisium er ein viktig del i fleire av produkta vi brukar kvar dag, slik som mobilen. Elkem er ei stor bedrift i lokalsamfunnet med over 230 tilsette, og lærlingar innan fleire fagområde.

Lærlingar er viktige for oss. Vi får vere med å forme utdanninga til lærlingen, i tillegg til å utvikle fagkompetanse og fagarbeidarar, seier Trudi Vågene som er personalsjef på Elkem Bremanger. Ho har ansvar for alle dei tilsette og lærlingane.

Legg til rette for ei lærerik tid

Elkem er ei kjempespennande bedrift å ha læretida di! Vi har lærlingar innan fleire fagområde. Det er ein stor variasjon i utstyr og prosessar, slik at du best mogleg kan bygge kunnskap og erfaringar. Dette kjem godt med når du er ferdig med læretida. Fleire av våre lærlingar får tilbod om fast jobb.

Det er lett å velje PRO igjen

Elkem Bremanger har alltid brukt PRO Vestland til lærlingar. I starten av læretida ordnar PRO oppstartsmøte med lærlingen, bedrifta og opplæringskontoret. Dette er viktig for at lærlingen skal få så lærerik tid som mogleg. Dei er også flinke å tilrettelegge, og opne for tilbakemeldingar for å gjere det betre. I denne tida er det grøne skiftet høgst aktuelt, og det er viktig at PRO jobbar hand i hand med det bedriftene gjer. Derfor er det fint å sjå at PRO tar dette på alvor, og har fått miljøfyrtårn-sertifisering.

Del artikkelen på sosiale medier

pro sf logo

Pro Vestland opplæringskontor

Adresse: Concordbygget, Firdaveien 6
Telefon: (+47) 57 83 22 60
E-post: post@pro.sf.no
Organisasjonsnummer: NO980 026 655

Personvern