PRO Vestland søker lærling i service og administrasjon

Likar du struktur, dialog med andre menneske og er nysgjerrig? Da kan lærling i service- og administrasjonsfaget hos PRO Vestland vere noko for deg.

Vi er på jakt etter ein ny lærling som ønskjer å bli ein del av laget vårt. For oss er det ikkje nødvendigvis utdanning, karakterar eller tidlegare erfaring som er det viktigaste. Vi ser først og fremst etter deg som er nysgjerrig, tek initiativ og har lyst til å utvikle deg og bidra i arbeidskvardagen.

Vi oppmodar også deg som ønsker å ta fagbrev seinare i livet eller vil prøve eit nytt yrke om å søke.

Ein variert arbeidskvardag

Som lærling i service- og administrasjonsfaget vil du ha varierte arbeidsoppgåver. Du vil mellom anna jobbe med kundekontakt og service, saksbehandling, registrering i digitale system og praktisk hjelp i det daglege arbeidet med lærlingar og bedrifter. Det gir deg eit unikt innblikk i korleis fagopplæringa i Vestland heng saman. Hos PRO Vestland blir du ein del av eit fagmiljø med varierte oppgaver og gradvis meir ansvar etter kvart som du utviklar deg.

Malene Nummedal Bryn er tidlegare lærling hos oss, og var svært fornøgd med tida si her. No er ho assisterande butikksjef på Lindex i Førde, og tek fagskule i økonomi og ledelse på deltid ved Fagskolen Innlandet. 

Du kan lese meir om Malene si tid hos oss i denne artikkelen:

Pro Vestland opplæringskontor var ein veldig god og interessant stad å vere lærling, fordi eg fekk vere med på mykje forskjellig – alt fra å delta i på utdanningsmesser, oppstart av prosjekt til lærlingmøte og bedriftsmøte. Og rekruttering av både lærlingar og medlemsbedrifter. Gjennom arbeidet fekk eg også innblikk i mange ulike fag og bransjar, og eg fekk sjå kva som faktisk ligg bak drifta av ei bedrift, mellom anna gjennom arbeidet med Miljøfyrtårn og med å utvikle og forbetre rutinar internt. Sjølv om eg allereie hadde fagbrev i salsfaget, valde eg å ta fagbrev i service- og administrasjonsfaget for å få større innblikk i det administrative arbeidet og for å ha eit godt fundament å byggje vidare på, og eg stortrivdes både fagleg og sosialt – det å få vere med og hjelpe unge med å finne gode og trygge læreplassar var ein veldig givande del av jobben, og eg hadde med glede vore lærling hjå Pro Vestland opplæringskontor igjen.

Kva får du hos oss:

  • Fagleg opplæring i service- og administrasjonsfaget
  • Kontor på Concord-bygget saman med andre opplæringskontor
  • Trygg arbeidsplass med gode kollegaer
  • Moglegheit til å bli med på utveksling til utlandet
  • Ein variert arbeidskvardag

Vi ser etter deg som

  • Likar struktur og i orden
  • Kan kommunisere på norsk og engelsk, både skriftleg og muntleg
  • Er nysgjerrig og vil lære
  • Er glad i å snakke med andre

Det viktigaste er ikkje at du kan alt frå før. Du kan vere ung og på veg ut i arbeidslivet for første gong, eller ha fleire år med arbeids- og livserfaring bak deg. Vi ønskjer søkjarar med ulik bakgrunn velkomne.

Oppstart av læretid etter avtale.

Vil du bli med på laget vårt?

Då vil vi høyre frå deg! Send inn søknad, CV og kompetansebevis/vitnemål til jorunn.kirketeig@pro.sf.no. Merk emnefelt med «Lærling service- og administrasjonsfaget».

Har du spørsmål om stillinga? Kontakt dagleg leiar Jorunn Kirketeig på 911 44 966 eller jorunn.kirketeig@pro.sf.no.

Om PRO Vestland opplæringskontor

PRO Vestland opplæringskontor har i snart 30 år vore bindeleddet mellom lærlingar og bedrifter i Vestland. Vi har lang erfaring frå teknologi- og industrifag, og har dei siste ti åra også jobba med lærlingar og lærebedrifter innan sals- og administrasjonsfag. I dag er vi fire tilsette som følgjer opp lærlingar og bedrifter, og jobbar for å skape ei trygg og lærerik læretid.

Del artikkelen på sosiale medier

pro sf logo

Pro Vestland opplæringskontor

Adresse: Concordbygget, Firdaveien 6
Telefon: (+47) 57 83 22 60
E-post: post@pro.sf.no
Organisasjonsnummer: NO980 026 655

Personvern