miljofyrtarn_pro_vestland_sf

Bli medlemsbedrift

Pro Vestland opplæringskontor jobbar for å styrke fagopplæring i industri- og teknologibedriftene, salsbedriftene og mediebedriftene i Vestland. Ta gjerne kontakt dersom di bedrift ynskjer meir informasjon om medlemskap og kva vi kan bidra med.

Informasjon til bedrift

Fyll gjerne ut skjema for å søkje om å bli medlemsbedrift, eller kontakt oss om du treng meir informasjon.

Pro Vestland opplæringskontor er eit bransjekontor for teknologi- og industrifag, salsfag, administrasjonsfag og medieproduksjonsfag. Vi er ei non-profit stifting, som rekrutterer lærlinger til våre medlemsbedrifter og følger opp lærlingane frå søknad om læreplass til fagarbeider. Vårt mål er å gjere fagopplæring enkelt og trykt for lærling og lærebedrift. Saman formar vi framtidas arbeidskraft.

Pro utfører mellom anna følgjande oppgåver på vegne av medlemsbedriftene:

  • Utfyller lærekontrakter og sender desse til Utdanningsetaten for godkjenning

  • Melder lærlingar til obligatorisk teoriundervisning

  • Melder lærlingar opp til fag/sveineprøve i samsvar med ynskje frå medlemsbedrift og lærling

  • Orienterer medlemsbedriftene om opplæringslova og anna gjeldane regelverk

  • Oppfølging av læreforholdet med kontroll av opplæringsplan

 

Bli medlemsbedrift


Retningsliner og ansvarsfordeling

Pro Vestland Opplæringskontor er eit servicekontor for medlemsbedriftene.
Pro skal effektivisere ei god fagleg opplæring av lærlingar, i samarbeid med lærebedrift. Bedriftene er ansvarlege for å gi opplæring etter lærefaga sine opplæringsplanar.

Der Pro finner det nødvendig pga. einsidig arbeid, innskrenkingar o.l., vil Pro være hjelpeleg med omplassering. Medlemsbedriftene er solidarisk ansvarleg for fullføring av lærekontrakta.
Lærlingane er arbeidstakarar i bedriftene dei til ein kvar tid er plassert i med rettigheitar og plikter som følgjer gjeldande lover og tariffavtale.

Medlemskap

Medlem i Pro er bedrifter som driv verksemd og opplæring i Pro Vestland opplæringskontor er eit bransjekontor for teknologi- og industrifag, salsfag, administrasjonsfag og medieproduksjonsfag. Søknad om medlemskap skal rettast skriftleg til Pro, og handsamast på førstkommande styremøte. Retningslinjer for medlemskap finn ein i vedtektene. Styret avgjer om medlemskap kan tilbyds. Som medlem/eigar er ein å rekne når medlemskap er godkjent av styret og når Pro har teikna første lærekontrakt der lærlingen er i lære i bedrifta, og når ein har tilslutta seg vedtektene gjennom å underteikne samarbeidsavtale.

Formidling av lærlingar

Intensjonsavtalar om læreplassar i bedrift må være forankra i bedrifta sitt reelle rekrutteringsbehov på lang sikt. Det tar minimum fire år å utdanne ein fagarbeidar og målet er derfor at vi i fellesskap utarbeidar intensjonsavtalane som ein del av rekrutteringsarbeidet. Dette vil gjere oss i stand til å arbeide i eit seksårs perspektiv. Dette vil gjere oss i betre stand til å påverke ungdom til å velje våre fagretningar.

 

Fagleg ansvarleg

Det skal oppnemnast fagleg ansvarleg for alle lærlingane i alle bedriftene innafor kvart fag. Den fagleg ansvarlege er den som har tilsynet med at opplæringa vert gjennomført på ein fagleg god måte.

Den fagleg ansvarlege må være ein fagleg kvalifisert person, med brei erfaring i faget, helst med fagbrev i faget, men lang erfaring i faget kan og bli godkjent. Det vil derfor kunne godkjennast faglege leiarar som har minimum 6 års allsidig praksis i faget.Fagleg ansvarleg har ansvar for å sette opp ein opplæringsplan som sikrar at lærlingen får opplæring i gjeldane læreplan for faget. ref. Opplæringslova § 4-3 , samt forskriftene § 11-1.

 

pro sf logo

Pro Vestland opplæringskontor

Besøksadresse: Concordbygget, Firdaveien 6
Postadresse: Postboks 492, 6803 Førde
Telefon: (+47) 57 83 22 60
E-post: post@pro.sf.no
Organisasjonsnummer: NO980 026 655

Personvern

Hopp rett ned til innholdet