miljofyrtarn_pro_vestland_sf

Ressursbank

Vårt mål med Ressursbanken er å samle nyttig informasjon til rådgjevarar og lærarar om yrkesfag, fagopplæring og våre medlemsbedrifter.

PRO Vestland opplæringskontor rekrutterer lærlingar i faga teknologi og industri, sal og administrasjon og medieproduksjon.

Vi har årleg mellom 100 – 150 lærlingar i våre 97 medlemsbedrifter, og tek hevd i tett oppfølging og kvalitetssikring av opplæringa frå søknad om læreplass til fagprøva er bestått.

Våre fagområder

 
 

Teknologi og industri

Med utgangspunkt i VG1 Teknologi- og industrifag har ein 60 ulike yrkesval tilgjengelege innan: teknisk industri, oljebransjen, skipsindustri, tekoindustri, bilindustri, kjemisk prosessindustri, laboratorium innan sjukehus og forsking.

Sal og administrasjon

Etter VG1 Sal, service og reiseliv kan du velge VG2 Sal og reiseliv eller VG2 Service- og administrasjonsfaget.
Utdanninga legg opp til ei ei rekkje yrker i private og offentlege verksemder.

Medieproduksjon

Ein medieteknikar kan jobbe innan medie- og kommunikasjonssektoren, i reklamebransjen og i film- og TV-bransjen, og innan informasjonsvirksomhet i privat og offentleg sektor.

Utveksling

 
Riga, Latvia

Siden våren 2015 har PRO Vestland opplæringskontor hatt Riga State Technical School som utvekslingspartnar, der læringane får si utveksling i Latvia. På utvekslingsprogrammet får du alle utgiftene betalt, samt ein slant lommepengar.

Næringslivet i vår region og landet elles vert stadig meir internasjonalt og globalt. Å vere utvekslingselev er ikkje berre spennande og lærerikt, det er nyttig å ha vore ute i verda og sett korleis industrien fungerer i andre land.

Eit anna tilbod, i første rekke innafor CNC-faget, er studietur til Teknisk fagskole i København. Både CNC-lærlingar, instruktørar og faglege leiarar kan melde seg på. Lærlingar i andre fag kan og vere aktuelle dersom dei vurdere å ta CNC som sitt fagbrev

Gjennom EØS-midla er det fram til 2016 sett av 250 millionar kroner til utveksling av studentar og tilsette mellom utdanningsinstitusjonar i Noreg og mottakarlanda.

I tillegg til utveksling skal støtta vere med på å styrke samarbeidet over landegrensene.

Internasjonalt samarbeid innan forsking og utdanning er høgt prioritert i Europa. Samarbeidet er også med på å gjere Noreg kjent som ein kunnskapsnasjon og attraktiv samarbeidspartnar. Kunnskapar og erfaringar vert utveksla og nettverk til gjensidig nytte vert bygd.

pro sf logo

Pro Vestland opplæringskontor

Besøksadresse: Concordbygget, Firdaveien 6
Postadresse: Postboks 492, 6803 Førde
Telefon: (+47) 57 83 22 60
E-post: post@pro.sf.no
Organisasjonsnummer: NO980 026 655

Personvern

Hopp rett ned til innholdet