Valde dei kjekkaste faga

Fagområde: Industrimekanikar og produksjonsteknikk Bedrift: Cargill På Cargill Florø møter vi to jenter som har valt eit arbeidsområde som tradisjonelt er prega av mannlege medarbeidarar. Monica Langedal, som leiar vedlikehaldsavdelinga på fiskefôrfabrikken, fortel at det er eit mål å auke kvinneandelen. Vi ser det igjen på arbeidsmiljøet når vi får fleire jenter på ein såpass mannsdominert arbeidsplass, og sjølvsagt gjer jentene ein like god jobb som gutane. Lærlingane Linea Bortne Haveland (18) frå Eikefjord og Sara Gjerland Høyesen (19) frå Solund og er lærlingar i faga produksjonsteknikk og industrimekanikar. Begge gjekk på linja TIP på Flora VGS, og begge var leie av teoretiske fag då dei gjekk ut av ungdomsskulen. Eg valde berre det som såg kjekkast ut, smiler Linea. Ingen av dei viste kva dei ville, men begge viste at dei ikkje ville velje tradisjonelle «jentefag».  Interesse for faget  Både Sara og Linea hadde utplassering på Cargill Florø på vidaregåande. Ja, det var faktisk her vi blei kjente – sjølv om vi gjekk på same skule. Monica skyt inn at dei to jentene gjorde godt inntrykk og viste interesse for faget. Vi har for tida totalt 8 lærlingar, og det er viktig at kandidatane viser interesse og nysgjerrigheit for faget – og ønskjer å lære meir.  Produserer og overvakar  Sara er 2. års lærling i produksjonsteknikk og har hovudfokus på å produsere og overvake pelletsproduksjonen. Vi startar, stoppar og køyrer maskinene frå PC-ar i kontrollrommet, men vi sit ikkje framfor skjermen heile dagen. Vi må ut og ta prøvar av fôret, og om nødvendig så må vi justere samansettinga. Elles er det ein god del førebyggande vedlikehald, som smørjing, sjekk og vask.  Alt må virke  Linea er 1. årslærling som industrimekanikar, og er i ein fase der ho skal gjere seg kjent med maskinene og fabrikken. Det er veldig mykje å sette seg inn i på ein så stor fabrikk. Eg får vite kvar morgon kven eg skal jobbe i lag med, og får vere med på både reparasjonar og vedlikehald. Det er eit stort ansvar å halde landets største fiskefôrfabrikk i drift. Difor er arbeidet veldig variert, og eg får kjenne på at jobben min er viktig. Del artikkelen på sosiale medier

Digitalt ID-kort for lærlingar

Lærlingar og medlemmer i prøvenemdene kan no få digitale id-kort. Lærlingar og medlemmer i prøvenemdene kan no få digitale id-kort ved å laste ned appen «It’s Me ID«. Du finn den i Play store og Apple store. I brukarrettleiinga kan du sjå korleis du opprettar det digitale id-kortet.

Ny styreleiar: Øyvind Indrebø

– PRO Vestland opplæringskontor skal sikre god kvalitet og oppfølging av lærlingar i våre medlemsbedrifter, slik at vi saman rekrutterer og varetek fagkompetansen næringslivet treng.

Webinar: Søk læreplass

Vi inviterer til to webinar i vinterferien, med informasjon om våre ledige læreplassar og søknadsprosessen. Hugs søknadsfristen 1. mars! Vel møtt!

Språkopplæring Capeesh

  vi i PRO Vestland Opplæringskontor tilbyr norsk opplæring for våre lærlinger som har behov for det. Viss du er en av våre lærlinger og ønsker å delta på dette kurset, klikk her og registrer deg: https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=PEo3W0fgaE-KWMWFRSh5IZRaU4j8VshCvhK0UQU5Pt5UNEkwUTBXTEFURjgyUEw3MlNBMjlUTDlZTy4u

Opning av Campus Verftet

Vi gratulerer med opning – og gler oss til å sjå spennande prosjekt bli realisert ved Campus Verftet!

pro sf logo

Pro Vestland opplæringskontor

Adresse: Concordbygget, Firdaveien 6
Telefon: (+47) 57 83 22 60
E-post: post@pro.sf.no
Organisasjonsnummer: NO980 026 655

Personvern