Valde dei kjekkaste faga
Fagområde: Industrimekanikar og produksjonsteknikk
Bedrift: Cargill
På Cargill Florø møter vi to jenter som har valt eit arbeidsområde som tradisjonelt er prega av mannlege medarbeidarar. Monica Langedal, som leiar vedlikehaldsavdelinga på fiskefôrfabrikken, fortel at det er eit mål å auke kvinneandelen. Vi ser det igjen på arbeidsmiljøet når vi får fleire jenter på ein såpass mannsdominert arbeidsplass, og sjølvsagt gjer jentene ein like god jobb som gutane.
Lærlingane Linea Bortne Haveland (18) frå Eikefjord og Sara Gjerland Høyesen (19) frå Solund og er lærlingar i faga produksjonsteknikk og industrimekanikar. Begge gjekk på linja TIP på Flora VGS, og begge var leie av teoretiske fag då dei gjekk ut av ungdomsskulen. Eg valde berre det som såg kjekkast ut, smiler Linea. Ingen av dei viste kva dei ville, men begge viste at dei ikkje ville velje tradisjonelle «jentefag».
Interesse for faget
Både Sara og Linea hadde utplassering på Cargill Florø på vidaregåande. Ja, det var faktisk her vi blei kjente – sjølv om vi gjekk på same skule. Monica skyt inn at dei to jentene gjorde godt inntrykk og viste interesse for faget. Vi har for tida totalt 8 lærlingar, og det er viktig at kandidatane viser interesse og nysgjerrigheit for faget – og ønskjer å lære meir.
Produserer og overvakar
Sara er 2. års lærling i produksjonsteknikk og har hovudfokus på å produsere og overvake pelletsproduksjonen. Vi startar, stoppar og køyrer maskinene frå PC-ar i kontrollrommet, men vi sit ikkje framfor skjermen heile dagen. Vi må ut og ta prøvar av fôret, og om nødvendig så må vi justere samansettinga. Elles er det ein god del førebyggande vedlikehald, som smørjing, sjekk og vask.
Alt må virke
Linea er 1. årslærling som industrimekanikar, og er i ein fase der ho skal gjere seg kjent med maskinene og fabrikken. Det er veldig mykje å sette seg inn i på ein så stor fabrikk. Eg får vite kvar morgon kven eg skal jobbe i lag med, og får vere med på både reparasjonar og vedlikehald. Det er eit stort ansvar å halde landets største fiskefôrfabrikk i drift. Difor er arbeidet veldig variert, og eg får kjenne på at jobben min er viktig.
Del artikkelen på sosiale medier