Med lidenskap for syklar, ski og sal

Fagområde: Salsfaget Bedrift: Chatlet Sport1 Førde Ny dag – nye moglegheiter, kjem det friskt frå lærling Erik Alnes Litsheim (19), i det han entrar læreplassen sin Chatlet Sport1 Førde. Eg må ha ein god kopp kaffi før fingrane er klare for å skru på syklane, smiler han til fagansvarleg Silje Valle Ytterhaug. Ho fortel at det er første gongen dei har lærling i butikken, – og vi har kursa oss litt for å kunne gjere ein god nok jobb. Lærlingen kjente vi frå før, sidan han har vore ekstrahjelp på butikken i eit par år. Ja, eg har brukt to år på å selje meg inn, kjem det kvikt frå Erik. Førdeguten Erik er 2. års lærling, og stortrivast i sportsbutikken på Førde Torg. Eg jobbar først og fremst på sykkelverkstaden og med montering av ski på vinteren, men elles er eg stort sett ei potet. Erik er glad i å prate med folk, og trivast godt med sal og servicefaget. Det er veldig kjekt å kunne hjelpe kundane. Når kundane er fornøgde veit eg at eg har gjort noko ordentleg.   Skulelei på ungdomsskulen Planen min var nok i utgangs punktet å gå studiespesialisering, men så vart eg så dritlei det siste året på ungdomsskulen. Det var ein fin måte å få arbeidserfaring å starte på faget sal og service, og så jobbe som ekstrahjelp her på butikken. Tanken var at eg skulle gå VG3 og påbygg, men så kunne eg jo vere lærling her – og det passa meg veldig godt. Lønn under utdanning og å kunne få jobbe med ting som interesserer meg er heilt supert. Tidlegare var eg aktiv i fotball, sykling og ski, men no har eg enda opp med langrennsporten som satsingsområde.   Lett kontakt med folk Eg får mange forskjellige oppgåver her, alt i frå å skru syklar og hjelpe kundar, til å hente posten, rydde, ta telefonen og køyre papp og boss til Hesjedalen. Erik får lett kontakt med folk, og fortel at dei også har godt samarbeid med dei andre butikkane på huset. I tillegg har vi vareutveksling og samarbeid med Chatlet butikkane på Sandane og Eid. Erik er ein sosial type og er ikkje redd for å prøve nye ting.   Interesse for faget Sjølv om eg prøvde å selje meg inn som sykkelreparatør, så kunne eg nok ikkje så mykje då eg starta her. Eg har lært utruleg mykje av Kai Ytterhaug, som er sjef på verkstaden. Han skremde meg litt då eg starta med å seie; «Viss du trur du er ferdig utlært, så er du ikkje utlært – men ferdig». Fordelen med å ha ungdommar i butikken, som er interesserte i faget, er at dei tar ting veldig kjapt, skyt Silje inn. Dessutan er det viktig å få inn litt nytt blod i kollegiet. Erik er utvilsamt eit friskt pust, som likar å prate med alle, og som heller ikkje er redd for å spørje om råd når han treng det.   Lage eigen kampanje Til helga skal butikken ha nattope, og då har Erik får i oppdrag å lage sin eigen kampanje – som ein del av førebuinga til fagprøva. På spørsmål om framtida er han meir usikker. Eg er ikkje så god på langtidsplanlegging, og har i grunnen nok med å stille vekkarklokka til neste morgon. Eg skal i militæret når eg er ferdig med fagprøva, så får vi sjå. Kanskje står eg plutseleg her og bankar på døra igjen.   Del artikkelen på sosiale medier

Valde dei kjekkaste faga

Fagområde: Industrimekanikar og produksjonsteknikk Bedrift: Cargill På Cargill Florø møter vi to jenter som har valt eit arbeidsområde som tradisjonelt er prega av mannlege medarbeidarar. Monica Langedal, som leiar vedlikehaldsavdelinga på fiskefôrfabrikken, fortel at det er eit mål å auke kvinneandelen. Vi ser det igjen på arbeidsmiljøet når vi får fleire jenter på ein såpass mannsdominert arbeidsplass, og sjølvsagt gjer jentene ein like god jobb som gutane. Lærlingane Linea Bortne Haveland (18) frå Eikefjord og Sara Gjerland Høyesen (19) frå Solund og er lærlingar i faga produksjonsteknikk og industrimekanikar. Begge gjekk på linja TIP på Flora VGS, og begge var leie av teoretiske fag då dei gjekk ut av ungdomsskulen. Eg valde berre det som såg kjekkast ut, smiler Linea. Ingen av dei viste kva dei ville, men begge viste at dei ikkje ville velje tradisjonelle «jentefag».  Interesse for faget  Både Sara og Linea hadde utplassering på Cargill Florø på vidaregåande. Ja, det var faktisk her vi blei kjente – sjølv om vi gjekk på same skule. Monica skyt inn at dei to jentene gjorde godt inntrykk og viste interesse for faget. Vi har for tida totalt 8 lærlingar, og det er viktig at kandidatane viser interesse og nysgjerrigheit for faget – og ønskjer å lære meir.  Produserer og overvakar  Sara er 2. års lærling i produksjonsteknikk og har hovudfokus på å produsere og overvake pelletsproduksjonen. Vi startar, stoppar og køyrer maskinene frå PC-ar i kontrollrommet, men vi sit ikkje framfor skjermen heile dagen. Vi må ut og ta prøvar av fôret, og om nødvendig så må vi justere samansettinga. Elles er det ein god del førebyggande vedlikehald, som smørjing, sjekk og vask.  Alt må virke  Linea er 1. årslærling som industrimekanikar, og er i ein fase der ho skal gjere seg kjent med maskinene og fabrikken. Det er veldig mykje å sette seg inn i på ein så stor fabrikk. Eg får vite kvar morgon kven eg skal jobbe i lag med, og får vere med på både reparasjonar og vedlikehald. Det er eit stort ansvar å halde landets største fiskefôrfabrikk i drift. Difor er arbeidet veldig variert, og eg får kjenne på at jobben min er viktig. Del artikkelen på sosiale medier

Digitalt ID-kort for lærlingar

Lærlingar og medlemmer i prøvenemdene kan no få digitale id-kort. Lærlingar og medlemmer i prøvenemdene kan no få digitale id-kort ved å laste ned appen «It’s Me ID«. Du finn den i Play store og Apple store. I brukarrettleiinga kan du sjå korleis du opprettar det digitale id-kortet.

Ny styreleiar: Øyvind Indrebø

– PRO Vestland opplæringskontor skal sikre god kvalitet og oppfølging av lærlingar i våre medlemsbedrifter, slik at vi saman rekrutterer og varetek fagkompetansen næringslivet treng.

Webinar: Søk læreplass

Vi inviterer til to webinar i vinterferien, med informasjon om våre ledige læreplassar og søknadsprosessen. Hugs søknadsfristen 1. mars! Vel møtt!

Språkopplæring Capeesh

  vi i PRO Vestland Opplæringskontor tilbyr norsk opplæring for våre lærlinger som har behov for det. Viss du er en av våre lærlinger og ønsker å delta på dette kurset, klikk her og registrer deg: https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=PEo3W0fgaE-KWMWFRSh5IZRaU4j8VshCvhK0UQU5Pt5UNEkwUTBXTEFURjgyUEw3MlNBMjlUTDlZTy4u

Opning av Campus Verftet

Vi gratulerer med opning – og gler oss til å sjå spennande prosjekt bli realisert ved Campus Verftet!

pro sf logo

Pro Vestland opplæringskontor

Adresse: Concordbygget, Firdaveien 6
Telefon: (+47) 57 83 22 60
E-post: post@pro.sf.no
Organisasjonsnummer: NO980 026 655

Personvern