Med lidenskap for syklar, ski og sal
Fagområde: Salsfaget
Bedrift: Chatlet Sport1 Førde
Ny dag – nye moglegheiter, kjem det friskt frå lærling Erik Alnes Litsheim (19), i det han entrar læreplassen sin Chatlet Sport1 Førde. Eg må ha ein god kopp kaffi før fingrane er klare for å skru på syklane, smiler han til fagansvarleg Silje Valle Ytterhaug. Ho fortel at det er første gongen dei har lærling i butikken, – og vi har kursa oss litt for å kunne gjere ein god nok jobb. Lærlingen kjente vi frå før, sidan han har vore ekstrahjelp på butikken i eit par år. Ja, eg har brukt to år på å selje meg inn, kjem det kvikt frå Erik.
Førdeguten Erik er 2. års lærling, og stortrivast i sportsbutikken på Førde Torg. Eg jobbar først og fremst på sykkelverkstaden og med montering av ski på vinteren, men elles er eg stort sett ei potet. Erik er glad i å prate med folk, og trivast godt med sal og servicefaget. Det er veldig kjekt å kunne hjelpe kundane. Når kundane er fornøgde veit eg at eg har gjort noko ordentleg.
Skulelei på ungdomsskulen
Planen min var nok i utgangs punktet å gå studiespesialisering, men så vart eg så dritlei det siste året på ungdomsskulen. Det var ein fin måte å få arbeidserfaring å starte på faget sal og service, og så jobbe som ekstrahjelp her på butikken. Tanken var at eg skulle gå VG3 og påbygg, men så kunne eg jo vere lærling her – og det passa meg veldig godt. Lønn under utdanning og å kunne få jobbe med ting som interesserer meg er heilt supert. Tidlegare var eg aktiv i fotball, sykling og ski, men no har eg enda opp med langrennsporten som satsingsområde.
Lett kontakt med folk
Eg får mange forskjellige oppgåver her, alt i frå å skru syklar og hjelpe kundar, til å hente posten, rydde, ta telefonen og køyre papp og boss til Hesjedalen. Erik får lett kontakt med folk, og fortel at dei også har godt samarbeid med dei andre butikkane på huset. I tillegg har vi vareutveksling og samarbeid med Chatlet butikkane på Sandane og Eid. Erik er ein sosial type og er ikkje redd for å prøve nye ting.
Interesse for faget
Sjølv om eg prøvde å selje meg inn som sykkelreparatør, så kunne eg nok ikkje så mykje då eg starta her. Eg har lært utruleg mykje av Kai Ytterhaug, som er sjef på verkstaden. Han skremde meg litt då eg starta med å seie; «Viss du trur du er ferdig utlært, så er du ikkje utlært – men ferdig». Fordelen med å ha ungdommar i butikken, som er interesserte i faget, er at dei tar ting veldig kjapt, skyt Silje inn. Dessutan er det viktig å få inn litt nytt blod i kollegiet. Erik er utvilsamt eit friskt pust, som likar å prate med alle, og som heller ikkje er redd for å spørje om råd når han treng det.
Lage eigen kampanje
Til helga skal butikken ha nattope, og då har Erik får i oppdrag å lage sin eigen kampanje – som ein del av førebuinga til fagprøva. På spørsmål om framtida er han meir usikker. Eg er ikkje så god på langtidsplanlegging, og har i grunnen nok med å stille vekkarklokka til neste morgon. Eg skal i militæret når eg er ferdig med fagprøva, så får vi sjå. Kanskje står eg plutseleg her og bankar på døra igjen.
Del artikkelen på sosiale medier