Teknologi- og industrifag
Fagområde og lærebedrifter
Automatikarfaget
Automatiseringsfaget omfattar drift, vedlikehold og montering av automatiserte system for kontroll, styring og regulering av automatiserte produksjonsprosessar og elektromekaniske system. Det innebær blant anna å reparere, skifte ut, justere og kontrollere alt materiell som inngår i automatiserte anlegg og å montere og bygge automatiserte prosessar.
CNC-maskineringsfaget
Du planlegg og gjennomfører produksjon, vel skjereverktøy og skjeredata og les teikningar og arbeidsskildringar. Du bruker, utviklar og redigerer program for styrte verktøymaskiner og bruker avansert teknologisk utstyr og maskineri i arbeidet. Ein faglært CNC-operatør får arbeid i store og små bedrifter, som ofte er høgt spesialiserte for framstilling av nye produkt for mekanisk industri, og i verkstader for vedlikehald av utstyr i annan industri. Du må vere nøyaktig, både når det gjeld manuelt arbeid med verktøymaskiner og måleverktøy og med omsyn til programmering og kontroll av program for styrte maskiner. Ein faglært CNC-operatør skal handtere heile prosessen frå mottak av materiale til framstilling av detaljar.
Dataelektronikkfaget
Ein dataelektronikar kan få arbeid i mange typar små og store bedrifter i dei fleste delar av nærings- og arbeidslivet. Viktige oppgåver er installasjon, drift og vedlikehald av ulike elektroniske system, datasystem og nettverk, bruk og behandling av utstyr, programvare, informasjon og data, oppretting av kommunikasjon mellom ulike typar utstyr og system, arbeid med sikkerheit, feilsøking og kommunikasjonsproblematikk, rådgiving overfor kunde i val og bruk av utstyr og system og utarbeiding av kundetilpassa dokumentasjon Du bør vere interessert i utvikling og ny teknologi og ha gode haldningar med omsyn til personvern og etikk. Du skal kunne ta initiativ, arbeide effektivt og vise god vurderingsevne. Du bør vere sørvisinnstilt og kunne lytte til kunden sine ønskje og behov.
Elektrikarfaget
Ein elektrikar arbeidar med å bygge og vedlikehalde elektriske lavspenningsanlegg, elektrisk utstyr og elektriske installasjonar. Vanlege arbeidsoppgåver for ein elektrikar er montering av elektriske system i alle typar bygg og installasjonar, reparere og utføre service på ekstisterande system og feilsøke og reparere feil. Elektrikaren arbeidar med blant anna bustad og andre typar bygningar, kraftproduksjonsanlegg, industri og landbruk, skip, olje- og gassinstallasjonar og elektriske kommunikasjons-, alarm- og sikkheitsanlegg.
IKT-Servicefaget
Aktuelle arbeidsplassar som er knytte opp mot drift og vedlikehald av IKT-system, finst i alle typar verksemder, både offentlege og private. Sentrale arbeidsoppgåver er drift og vedlikehald av IKT-systemet til verksemda, informasjonstryggleik, etikk og personvern, installasjon, bruk og vedlikehald av programvare, rådgiving, rettleiing og opplæring i bruk av IKT-system og sørvis og brukarstøtte Du må kunne arbeide systematisk og nøyaktig, både sjølvstendig og saman med andre. Gode kommunikasjonsevner og god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er viktig, og du må kunne behandle fortrulege opplysningar på ein etisk forsvarleg måte. Du bør ha evne til å tenkje nytt, vere kreativ og interessert i ny teknologi.
Industriell overflatebehandling
Du kan jobbe i verksemder som driv med overflatebehandling av ulike materialtypar, både innanfor offshore- og landbasert industri. Viktige arbeidsområde er å vurdere om eit produkt er eigna for overflatebehandling, forbehandle gods, mekanisk, kjemisk eller elektrolytisk, belegge komponentar med organiske eller uorganiske belegg, betene maskiner som transportør, pumper, kabinar, omnar, likerettarar m.m og kontrollere og styre prosessen ved avlesingar, målingar og analysar. Ein overflatebehandlar skal kunne arbeide systematisk, nøyaktig og effektivt, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør vere grundig og ha godt handlag.
Industrimekanikar-faget
Industrimekanikaren driv med tilverking av maskindelar, montering, vedlikehald og reparasjon og er ein allsidig montør og reparatør. Arbeidet kan være knytt både til produksjonsutstyr og til produkt som lek i produktsørvis. Du må tolke teikningar, spesielt samanstillingsteikningar, bruke alle typar handverktøy ved montering og demontering av maskinelement, varme opp og kjøle ned ved montering og demontering av maskinelement. Du arbeider med automatisert produksjon og meistrar pneumatikk og hydraulikk. Tilleggsutdanning med sertifikat som kranførar og /eller truckførar er vanleg. Du bør ha godt handlag og god kommunikasjon med både ingeniørar og fagoperatørar i bedrifta.
Industrimontørfaget
Arbeidsplassar for ein industrimontør finst innanfor ei rekkje verksemder som mekanisk industri og kjemi og prosess-, olje-, og skipsbygging. Ein industrimontør jobbar med industriell montasje innanfor både landbasert industri, offshoreverft og skipsverft. Du monterer og byggjer maskiner og elektromekanisk utstyr, pneumatiske og hydrauliske komponentar, utarbeider og driv med reparasjon og vedlikehald av maskinelt og mekanisk utstyr. I tillegg kjem reparasjonssveising og skjering i ulike materiale og bruk av ulike festemetodar og skruekoplingar, oljar og smørjeutstyr Du må arbeide systematisk, nøyaktig og effektivt, sjølvstendig og saman med andre. Du bør ha godt handlag og interesse for teknologi.
Industrirøyrleggjar-faget
Industrirørleggjaren arbeider med produksjon, montering og vedlikehald av røyrsystem til industrien, både på land og offshore. Kunnskap om materialeigenskapar, klargjering av material og bruk av samanføyingsteknikkar. Lekkasjetesting og overflatebehandling inngår også. Industrien leverer varer i ein internasjonal eksportmarknad med høge krav til kvalitet og effektivitet. Stabil produktkvalitet og bruk av automatiserte produksjonsmetodar er viktig, og du må følgje utviklingstendensane i samfunnet, både nasjonalt og internasjonalt. Du må vere nøyaktig, reflektert og ha ei kritisk vurderingsevne. Samarbeid, sjølvstendig arbeid og bruk av ny teknologi er andre krav til ein industrirøyrleggjar.
Automatiseringsfaget omfattar drift, vedlikehold og montering av automatiserte system for kontroll, styring og regulering av automatiserte produksjonsprosessar og elektromekaniske system. Det innebær blant anna å reparere, skifte ut, justere og kontrollere alt materiell som inngår i automatiserte anlegg og å montere og bygge automatiserte prosessar.
Kjemiprosessfaget
Jobben er å overvake, styre og regulere kjemiske prosessar som til slutt vert til produkt som bedrifta sel. I tillegg får du utføre enkelt vedlikehald på produksjonsutstyret. Ein fagoperatør i kjemiprosessfaget skal kunne starte, stoppe og drifte eit prosessanlegg og gjere dei vurderingar som trengst for å køyre anlegget trygt og sikkert. Du arbeider med kjemikalier av ulike faregrader og aggregattilstandar, ekstremt låge og høge temperaturar og trykk i tillegg til utstyr med store dimensjonar. Du bruker tekniske flytskjema, overvakar og bruker utstyr og anlegg og forstår kjemiske og fysiske reaksjonar. I tillegg skal du samarbeide med andre fagfolk og ikkje minst; ha opne sansar (lukte, lytte, sjå, føle) for å observere uønska situasjonar og vurdere naudsynte tiltak.
Kran- og lyfteoperasjonsfaget
Ein kranførar betjenar ulike kranar på byggeplassar, i hamnar og i offshoreindustrien. Vanlege arbeidsoppgåver for ein kranførar er krankøyring, løfteoperasjonar og dekksarbeik, samt vedlikehald av kraner. Kranføraren har overordna sikkerheitsansvar for at arbeidet går trygt føre seg. Kran og løfteoperasjonar kan være risikofylte, og derfor er det sett store krav til sikkerheit.
Laboratoriefaget
Du jobbar på eit laboratorium og utfører både rutinemessige analyser, deltar i metode og produktutvikling, tolkar og rapporterer analyseresultat både innan kjemi, fysisk materialprøving, mikrobiologi og bioteknologi. Oppgåvene er felles for ulike industrifelt og forsking. Prøvetaking i produksjonen eller utanfor laboratoriet er ofte ein del av arbeidet. Du bruker og vedlikehelde instrument og utstyr og gjer greie for aktuelle kjemiske prosessar . Faglaboranten arbeider sjølvstendig eller i samarbeid med andre fagfolk. Kunnskapar og dugleik er knytt til kvalitetssikring, teknologi, naturfag, matematikk, kjemi, bioteknologi, språk og materiallære.
Landbruksmaskin-mekanikarfaget
Ein landbruksmaskinmekanikar utfører service, feilsøkar og reparerer landbruks- og skogsmaskinar. Vedlikehald av maskinar inneber reinsing, smørjing og justering av dei ulike delane av maskina. Landbruksmaskinmekanikaren må ha detaljert kjennskap til maskinene og korleis desse fungerer. Produksjon og reperasjon av maskinar er også ein del av kvardagen til ein landbruksmaskinmekanikar. Her nyttar ein handverktøy, sveiseutstyr, måleinstrument og spesialverktøy.
Logistikkfaget
Ein logistikkoperatør kan arbeide i transportbransjen og i ei rekkje andre bransjar, som treforedlingsindustri, mekanisk industri, verkstadindustri, metallurgisk industri og annan industri eller næringsverksemd. Sentrale arbeidsoppgåver er sørvis, informasjon, rettleiing, kundebehandling, kommunikasjon og etikk, ordrebehandling, lagerhald og emballering, klargjering for sendingar, sikring av gods, vektavgrensing og vektfordeling ved transport, effektiv og sikker flytting av gods og varer, handtering og transport av varer som krev spesiell behandling, bruk av manuelle og elektroniske verktøy for transport, vareflyt og dokumentbehandling og bruk og vedlikehald av teknisk utstyr Du må kunne arbeide effektivt, nøyaktig og rasjonelt, både sjølvstendig og saman med andre og yte sørvis overfor kundar.
Motormekanikarfaget
Ein motormekanikar arbeider i verksemder som held ved like og reparerer mobile og stasjonære forbrenningsmotorar og drivverk, til dømes på båtar, verft og verkstader for motorreiskap. Du jobbar med montering, vedlikehald og reparasjon av pneumatiske og hydrauliske anlegg i båtar, av elektriske anlegg i mobile og stasjonære forbrenningsmotorar og drivverk, vel materiale og tilpassar detaljar for motorar og maskininstallasjonar med ymse maskiner, utstyr og verktøy. Ein motormekanikar må kunne arbeide systematisk, effektivt og nøyaktig, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør ha godt handlag og vere fingerferdig. Motormekanikaren har ofte direkte kontakt med kundar, og du bør vere serviceinnstilt og omgjengeleg.
Platearbeidarfaget
Ein motormekanikar arbeider i verksemder som held ved like og reparerer mobile og stasjonære forbrenningsmotorar og drivverk, til dømes på båtar, verft og verkstader for motorreiskap. Du jobbar med montering, vedlikehald og reparasjon av pneumatiske og hydrauliske anlegg i båtar, av elektriske anlegg i mobile og stasjonære forbrenningsmotorar og drivverk, vel materiale og tilpassar detaljar for motorar og maskininstallasjonar med ymse maskiner, utstyr og verktøy. Ein motormekanikar må kunne arbeide systematisk, effektivt og nøyaktig, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør ha godt handlag og vere fingerferdig. Motormekanikaren har ofte direkte kontakt med kundar, og du bør vere serviceinnstilt og omgjengeleg.
Produksjonsteknikk-faget
I dette yrket er det maskinene som gjer jobben. Den viktigaste oppgåva di er å starte, stoppe, styre og overvake maskinene slik at dei gjer det dei skal. Fagoperatøren tek prøvar, kontrollerer og justerer produksjonsmaskiner og anna utstyr, legg om produksjonslina til nye produkt, feilsøker og feilrettar og driv mindre vedlikehald. Hydraulikk, pneumatikk og annen automasjon vert ein stadig viktigare del av faget. Det er viktig at driftstida vert best mogleg nytta, samstundes som kvaliteten er i samsvar med det kunden har tinga. Faget krev overblikk og vilje til å følgje fastlagte prosedyrar. Det er en fordel med fagleg interesse for automatisering og datateknikk. Du må nytte sansane for å observere uønska situasjonar og vurdere naudsynte tiltak. Du arbeider sjølvstendig, samarbeider med andre og har evne til å løyse akutte problem raskt og effektivt.
Serigrafifaget
Ein serigraf arbeider i tekstil- eller trykkjeribransjen med trykking på plane, krumme eller uregelrette underlag i materiale som papir, kartong, plast, steingods, glas, metall og tekstilar. Jobben omfattar klargjering, innstilling og betjening av produksjonsutstyr og maskiner. Vidare omfattar det vedlikehald av produksjonsutstyr og maskiner. Du bør ha godt handlag, estetisk sans og vere nøyaktig og kreativ. Informasjon og reklame vert trykt på stadig fleire produkt, og du må ha evne til omstilling i takt med ny teknologi og nye arbeidsprosesser. Faget skal bidra til å ivareta miljøet gjennom resirkulering og reduksjon av skadelege utslepp.
Sveisefaget
Hovudoppgåva er å samanføye plater eller større konstruksjonar av metall ved hjelp av forskjellige sveisemetodar og teknikkar. Materialet varierer mykje både i tjukkleik og utforming. Arbeidsmetodane varierer også mykje og i tillegg til manuell sveising, må du også meistre automatisert sveising og styring av robotsveising. Det er mogleg å spesialisere seg innan ulike sveisemetodar ved å ta sertifikat som gjeld både nasjonalt og internasjonalt. Som sveisar bør du like å arbeide både utandørs og innandørs og ha ei positiv holdning til nøyaktighet og kvalitet og vilje til å følge nedskrivne framgangsmåtar eller prosedyrar. Kunne lese og tolke teikningar og arbeide etter instrukser og sveiseprosedyrar og følge angitt metode. Faget vil ofte krevje utdanning og sertifisering i samsvar med internasjonale standardar og krav.
Lærebedrifter
- Her kan du være lærling i: Produksjonsteknikkfaget
- Her kan du være lærling i: Sveisefaget
- Her kan du være lærling i: Industrisnekkerfaget
- Her kan du være lærling i: Dataelektronikkfaget, Industrimekanikarfaget, IT-driftsfaget, Logistikkfaget, Produksjonsteknikkfaget
- Her kan du være lærling i: Automatiseringsfaget, Motormekanikarfaget, Salsfaget
- Her kan du være lærling i: Dataelektronikkfaget, Kjemiprosessfaget, Laboratoriefaget, Logistikkfaget, Produksjonsteknikkfaget
- Her kan du være lærling i: Elektrikarfaget, Industrimekanikarfaget, Kjemiprosessfaget, Laboratoriefaget, Produksjonsteknikkfaget
- Her kan du være lærling i: Industrimekanikarfaget, Motormekanikarfaget
- Her kan du være lærling i: IT-driftsfaget
- Her kan du være lærling i: Sveisefaget
- Her kan du være lærling i: Produksjonsteknikkfaget
- Her kan du være lærling i: Produksjonsteknikkfaget
- Her kan du være lærling i: Industrimontørfaget
- Her kan du være lærling i: Logistikkfaget
- Her kan du være lærling i: Administrasjonsfaget, Produksjonsteknikkfaget
- Her kan du være lærling i: CNC-maskineringsfaget, Produksjonsteknikkfaget
- Her kan du være lærling i: Industrimekanikarfaget
- Her kan du være lærling i: Dataelektronikkfaget, Salsfaget
- Her kan du være lærling i: Platearbeidarfaget, Produksjonsteknikkfaget
- Her kan du være lærling i: Dataelektronikkfaget
- Her kan du være lærling i: Industrimekanikarfaget, Platearbeidarfaget, Sveisefaget
- Her kan du være lærling i: Dataelektronikkfaget, Industrimekanikarfaget, Logistikkfaget, Produksjonsteknikkfaget
- Her kan du være lærling i: Motormekanikarfaget
- Her kan du være lærling i: Produksjonsteknikkfaget
- Her kan du være lærling i: Industrirøyrleggjarfaget, Sveisefaget
- Her kan du være lærling i: Maritim innredning
- Her kan du være lærling i: Logistikkfaget
- Her kan du være lærling i: Industrimekanikarfaget, Produksjonsteknikkfaget
- Her kan du være lærling i: Industrimontørfaget
- Her kan du være lærling i: Industrimekanikarfaget, Logistikkfaget, Produksjonsteknikkfaget
- Her kan du være lærling i: Automatiseringsfaget, Produksjonsteknikkfaget
Oceaneering Asset Integrity avd. Florø
- Her kan du være lærling i: NDT-kontrollørfaget
- Her kan du være lærling i: Dataelektronikkfaget
- Her kan du være lærling i: Automatiseringsfaget, Elektrikarfaget, Industrimekanikarfaget
- Her kan du være lærling i: CNC-maskineringsfaget, Industriell overflatebehandling
- Her kan du være lærling i: Industrimekanikarfaget
- Her kan du være lærling i: Industrimekanikarfaget
- Her kan du være lærling i: Automatiseringsfaget
- Her kan du være lærling i: Industrimekanikarfaget, IT-driftsfaget
- Her kan du være lærling i: Industrimekanikarfaget
- Her kan du være lærling i: Industrimontørfaget, Logistikkfaget
- Her kan du være lærling i: Motormekanikarfaget, Reservedelsfaget, Salsfaget
- Her kan du være lærling i: Industrimekanikarfaget, Industrirøyrleggjarfaget, Logistikkfaget, Motormekanikarfaget, Platearbeidarfaget, Sveisefaget
- Her kan du være lærling i: Industrimekanikarfaget
- Her kan du være lærling i: Industrimontørfaget, Platearbeidarfaget, Sveisefaget
- Her kan du være lærling i: Kjemiprosessfaget
- Her kan du være lærling i: Industrimontørfaget, Logistikkfaget
- Her kan du være lærling i: Industrimekanikarfaget
- Her kan du være lærling i: Industrimekanikarfaget, Industrirøyrleggjarfaget, Platearbeidarfaget, Sveisefaget
- Her kan du være lærling i: Industrimontørfaget, Salsfaget
- Her kan du være lærling i: Automatiseringsfaget, Produksjonsteknikkfaget
- Her kan du være lærling i: Industriell Matproduksjon, Industrimekanikarfaget, Produksjonsteknikkfaget
- Her kan du være lærling i: Industrimekanikarfaget
- Her kan du være lærling i: Industrimontørfaget
- Her kan du være lærling i: Industrimekanikarfaget, Platearbeidarfaget, Sveisefaget
- Her kan du være lærling i: Industrimekanikarfaget, Industrirøyrleggjarfaget
- Her kan du være lærling i: Kjemiprosessfaget
- Her kan du være lærling i: Elektrikarfaget
- Her kan du være lærling i: Industrimekanikarfaget, Industrimontørfaget, Industrirøyrleggjarfaget, Platearbeidarfaget, Sveisefaget
- Her kan du være lærling i: Industrimekanikarfaget