
Invitasjon til vinsmaking 28 mars 2025
Kjære samarbeidspartner,
Pro Vestland Opplæringskontor er best på fagopplæring, men vi er også nysgjerrige på mykje anna. Denne gongen ønskjer vi å dykke ned i kunsten å produsere vin – og ikkje minst smake på nokre utvalde gode viner i godt lag!
Vi veit at nokre viktige folk ofte står i bakgrunnen, og denne kvelden er spesielt for dykk – våre kontaktpersonar, som koordinerer og legg til rette i medlemsbedriftene. De gjer ein uvurderleg jobb, og no vil vi invitere dykk til ei lærerik og smaksrik oppleving. Vi lar Arne velje både vin og nokre småretter å bite i.
Arne Egge, kokk og vinspecialist, vil leie oss gjennom ein kveld fylt med innsikt i vinproduksjon, gode historier og spanande smakar. Her kan du bli litt betre kjent med Arne Egge : (7) Facebook
🔹 Dato: Fredag 28. mars 2025
🔹 Tid: Kl.19.00
🔹 Stad: Pro Vestland Opplæringskontor, Firdavegen 6 ( Concordbygget ) Førde
🔹 Påmeldingsfrist: 21. mars 2025
Vi håper du blir med 😊