Målet er fornøgde kundar

Fagområde: Salsfag Bedrift: Coop OBS Bygg Førde Vi er her for kundane, slår dei to lærlingane Silje Avsnes (18) og Martine Tjønneland (19) på Coop OBS Bygg fast. Anten vi skal lage til ei utstilling eller hjelpe kundar med å finne det dei leitar etter, så er hovudfokuset vårt kundepleie og god service. Butikken har eit overveldande vareutval, av alt frå lamper til skap og verktøy, og dei to lærlingane kan fortelje om ein variert arbeidsdag. Silje og Martine, som er 1. og 2. årslærlingar har begge starta på sal og service faget, fordi dei ville ta ei utdanning der dei kombinerte skule med arbeid. At ein kan tene pengar i læretida er eit ekstra pluss, smiler dei to fornøgd. Mange er skuleleie og veit ikkje kva dei vil når dei skal velje linje på vidaregåande. Då er det veldig greitt å ta eit fag der ein får både arbeidspraksis, løn og kjem ut med eit fagbrev. Varierte oppgåver Martine har bestemt seg for å ta påbygg når fagbrevet er i boks. Målet er å bli eigedomsmeklar, og då trur eg det er veldig nyttig å ha eit fagbrev i salsfaget i botnen. Silje som er ferskare i faget vil i første omgang fokusere på fagbrevet i sal og service. Begge lærlingane skryt av arbeidsmiljøet på Coop OBS Bygg, og fortel at dei får vere med på alt frå å hjelpe kundar, vere i kassa, fylle på varer, bestille inn varer og å lage kampanjar og salstorg. Ingen dagar er like og vi får heile tida utfordre oss sjølve. Aldri kjedeleg Fornøgde kundar og kjekke medarbeidarar som har ein god tone og støttar kvarandre, er den viktigaste grunnen for at vi trivast på jobb. Vi har aldri ein kjedeleg dag på jobben, og om vi gjer ein god innsats får vi meir spennande og utfordrande oppgåver. Del artikkelen på sosiale medier
Malene koordinerer og administrerer

Fagområde: Service og administrasjon, har fagbrev i salsfagetBedrift: PRO Vestland Malene Nummedal Bryn (21) kjem frå Vik i Sogn, der mamma har jobba innan sal og service i 25 år. Eg har vore med ho på både jobb og messer i oppveksten, så eg viste tidleg kva retning eg skulle satse på. I 10. klasse hadde eg dessutan utplassering på Fleischer Hotell på Voss, og den sommaren eg var 16 år hadde eg jobb som resepsjonist på hotellet. Å få vere med å påverke og forme gode opplevingar for gjestane gav meirsmak, smiler Malene. På Sogndal VGS gjekk eg «Service og samferdsle», og «Sal, service og sikkerheit». Etter det flytta eg og ei venninne til Førde, og eg starta som lærling først hos Biltema og så på Spar. Med fagbrev i salsfaget starta eg så å jobbe på Power. Eg stortrivast med å jobbe i butikk, og har god erfaring med meg frå ulike butikkbransjar. – Men, etter eit halvt år i jobb var eg klar for fagbrev nummer 2, fortel ei energisk Vikajente. Orden og system Her på PRO-Vestland opplæring skal eg vere lærling i eit år før eg kan gå opp til fagprøva i «Service og administrasjon». Malene får god bruk for sine evner for struktur, orden og system. Ho styrer all postbehandlinga til opplæringskontoret. Kontoret har også ein 48-timers regel som seier at alle skal få svar innan denne fristen. Det er det mi oppgåve å passe på. Rutinar gjer livet lettare Malene likar å ordne opp for folk, og det får ho verkeleg gjort i denne jobben. 21-åringen sørger for å booke møter og kurs, og får alle lærlingane inn på rett plass i systemet – slik at alle veit kven som skal på kva kurs og samling. Eg sørger for å sette ting i system, og at det blir følgt. Rutinar er viktig, og gjer ting lettare for alle. Internasjonalt arbeid Å vere lærling her betyr at ein får vere med på ting ein aldri får på andre arbeidsplassar, slår ho fast. Vi er med i eit europeisk utvekslingsprosjekt ERASMUS og eg har fått jobben med å koordinere turen med utanlandske gjestar i Norge. I den samanheng fekk eg vere med som observatør på ein tur til Frankrike, i tillegg til yrkes-EM i Gdansk. Neste år skal yrkes-NM gå av stabelen her i Førde, og dette er viktig læring for det arrangementet. Kundeservice er eit isfjell Malene er veldig fornøgd med den vegen ho har tatt med tanke på utdanning, og seier at det ho driv med eigentleg er kundeservice. Det er som eit isfjell, forklarar ho. Salsdelen er toppen av isfjellet som du ser. Service og administrasjon er den delen du ikkje ser. Det er det som må til for at alt skal gå rundt i ei bedrift. Frå budsjett til skulebesøk I mitt fag er det uendeleg mange moglegheiter, smiler Malene fornøgd. Ho vurderer å ta økonomi og leiing på fagskulen i kombinasjon med påbygg etter at fagbrevet er på plass. Førebels er eg godt fornøgd med det eg held på med. Eg får prøve meg på alt frå budsjett til å reise på konferansar og skulebesøk. Del artikkelen på sosiale medier
Frå slam til ressurs

Fagområde: KjemiprosessBedrift: Wergeland Hos Wergeland Sløvåg finn du lærlingane Aleksander Ynnesdal (18) og Tobias Rabben Nilsen (18). Dei er lærlingar innan kjemiprosess, eit fag som styrer og overvakar reinsing av borevatn. Her på Wergeland får vi inn båtar med boreavfall frå Nordsjøen. Vi lastar det av båtane og fraktar det inn til anlegget, og tar inn vatn frå forbehandlingsprosessane. Dette prosessvatnet har olje og tungmetaller i seg, og vi sørger for at vatnet blir reinsa skikkeleg. Når prosessvatnet er komen i anlegget, passar vi på at maskinene går som dei skal. Vi har fire rensetrinn i anlegget som vatnet går gjennom for å bli rensa. Det er spennande å sjå korleis kjemikaliane hjelper til med å skilje skiten frå vatnet. Dette er framleis ein ressurs, og blir sendt til bioanlegg. Når vatnet er ferdig reinsa kan vi sleppe det ut igjen, seier Aleksander. Variert kvardag Å vere kjemiprosess-lærling er spennande og vi har ein variert kvardag. Du kan sitte på laboratoriet og sjå på prøver av vatnet. Vi har skiftordning på Wergeland, der vi går 12 timar på vakt. Vakta startar med vaktskifte, der tidlegare vaktansvarleg gir oss informasjon om kva som har skjedd og planen framover. Garantert jobb Det er stor etterspørsel etter folk med fagbrev innan kjemiprosess, så her er ein garantert jobb etter læretida. Eg har veldig lyst offshore, og kjemiprosess er ein god veg for å komme seg ut i Nordsjøen, seier Tobias. Del artikkelen på sosiale medier
Kva har mobilar, romrakettar og solceller til felles?

Alle inneheld silisium Fagområde: Laboratoriefag Bedrift: Elkem Bremanger I Svelgen ligg Elkem Bremanger, ein global produsent av silisium og ferro-silisium. Silisium er ein viktig del i fleire av produkta vi brukar kvar dag, slik som mobilen. Elkem er ei stor bedrift i lokalsamfunnet med over 230 tilsette, og lærlingar innan fleire fagområde. Lærlingar er viktige for oss. Vi får vere med å forme utdanninga til lærlingen, i tillegg til å utvikle fagkompetanse og fagarbeidarar, seier Trudi Vågene som er personalsjef på Elkem Bremanger. Ho har ansvar for alle dei tilsette og lærlingane. Legg til rette for ei lærerik tid Elkem er ei kjempespennande bedrift å ha læretida di! Vi har lærlingar innan fleire fagområde. Det er ein stor variasjon i utstyr og prosessar, slik at du best mogleg kan bygge kunnskap og erfaringar. Dette kjem godt med når du er ferdig med læretida. Fleire av våre lærlingar får tilbod om fast jobb. Det er lett å velje PRO igjen Elkem Bremanger har alltid brukt PRO Vestland til lærlingar. I starten av læretida ordnar PRO oppstartsmøte med lærlingen, bedrifta og opplæringskontoret. Dette er viktig for at lærlingen skal få så lærerik tid som mogleg. Dei er også flinke å tilrettelegge, og opne for tilbakemeldingar for å gjere det betre. I denne tida er det grøne skiftet høgst aktuelt, og det er viktig at PRO jobbar hand i hand med det bedriftene gjer. Derfor er det fint å sjå at PRO tar dette på alvor, og har fått miljøfyrtårn-sertifisering. Del artikkelen på sosiale medier
Alle skal ha det gøy på jobb

Fagområde: Logistikkfaget og industrimekanikkBedrift: Lerum Hos Lerum er dei opptatt av rekruttering til bedrifta, og det er ein viktig strategi å ha lærlingar i ulike fag. Slik sikrar saft-, jus- og syltefabrikken på Kaupanger seg ny kompetanse, samtidig som dei får ein god miks av seniorar og yngre medarbeidarar. Det er positivt for både kompetanseutvikling og arbeidsmiljøet. Frå Columbia til Sogn og logistikk Juan David Rivas Diaz (23) kom frå Colombia til Norge i 2018, for å ta utdanning. Han starta i Bergen med språkopplæring – først engelsk så norsk. Etter 3 år i Bergen med språkopplæring og TIP på vidaregåande, gjekk turen til Sogndal og eit år med faget transport og logistikk. Kult med truck Juan har nyleg starta som lærling i logistikkfaget hos Lerum, og stortrivast med å køyre truck. Det er mykje som skal lærast, men her startar dei med opplæring i lasting. Dei fleste synes det er trongt og skummelt å flytte på pallar med saft og sylteglas. Juan synest det var kult frå første dag. Utviklande med lærling Fagansvarleg Bent Sjøthun fortel at det er mykje dei skal gå i gjennom i læretida. Det er viktig å lære seg datasystemet, slik at ein held orden vareflyten. Alt må dokumenterast, og det krevst god struktur. Logistikkfaget er ein viktig del av fabrikken, og eg synes det er god læring for oss som er fagansvarlege å ha lærlingar. Det utfordrar oss og er utviklande for alle. Frå Hønefoss til Sogn og industrimekanikk Erling Skurdal Bjerktveit (18) vekependlar mellom Hønefoss og Sogn, for å få ei spennande og variert læretid som industrimekanikar på Lerum. Eg likar fysisk arbeid, og så må det helst vere litt variert – og det kunne eg ikkje få på austsida av fjella. Erling gjekk TI på Hønefoss, men fekk utplassering på Lerum, sidan faren jobba der. Eg er vaksen opp på gard og har alltid vore interessert i maskiner. Vi held på mange måtar hjula i gang på fabrikken, seier Arne Venes – som er fagansvarleg for lærlingen. Det er viktig med jamleg service på maskinene, og ting må reparerast, slik at det blir ein god miks av planlagde og akutte jobbar. I tillegg har vi større prosjekt som ombygging, riving og utbytting av maskiner. Vi har rikeleg å gjere på slår dei to fast. Løysingsorientert Kulturen her på Lerum er å vere løysingsorientert, presiserer Arne. Det er ikkje alltid vi har det vi treng, men ting kan som regel fiksast på ulike vis, og vi får det til. Det er ein god meistringsfølelse når vi har fiksa eit problem. Då blir alle rundt oss glade og vi ser at arbeidet vi gjer betyr mykje for andre. Alle blir sett Det beste med å vere på Lerum er ein variert kvardag og at vi har det gøy på jobb, smiler Erling. Når ein går i gangane i fabrikken, møter ein på blide folk som nikkar, seier hei og sender deg eit smil uansett. Her blir alle sett, og inkludert. Del artikkelen på sosiale medier
Delar med glede

Fagområde: Kjemiprosess, produksjonsteknikk og industriell matproduksjon Bedrift: Kavli Bergen Med ein gong du høyrer ordet Kavli, så tenker du kanskje kaviar og støtte til gode formål – og det er akkurat slik det er. Kavlifabrikken på Nesttun produserer smøreostar og andre smørbare pålegg, og slagordet er «del med glede». Kavlifondet deler ut heile overskotet frå Kavlikonsernet til gode formål. Dette gjennomsyrar tankegangen vår, fortel fabrikksjef Linda Kidøy Pedersen og fagansvarleg Roar Rauø. Det er ein del av vårt samfunnsansvar å ta i mot lærlingar i fabrikken, og bidra til at ungdommane får utdanning og arbeid. Samtidig er vi med og formar vår eiga framtidige arbeidskraft. Trygg arbeidsplass Vi har god dialog med skulane og tar alltid i mot elevar som ønskjer utplassering for å bli kjende med oss. For mange opplevast det trygt å komme hit fordi vi ikkje er ein så stor organisasjon. Kavlifabrikken har rundt 40 tilsette, fordelt på produksjon, laboratorium, kvalitet- og teknisk avdeling – så her er det mange ulike fagområde samla på ei forholdsvis lita bedrift. For tida har vi lærlingar i kjemiprosess og produksjonsteknikk, og vi håpar å få nye søkarar til faget industriell matproduksjon. Årets LEAN-leiar Roar, som er fagansvarleg for lærlingane, legg vekt på at det er eit inkluderande og godt arbeidsmiljø på fabrikken, noko som avspeglar seg i stabil arbeidskraft. Vi jobbar mykje med menneske og kultur, og fabrikksjef Linda vart kåra til årets *LEAN-leiar i 2023. Vi er nok ein litt annleis fabrikk, som er opptatt av å skape engasjement og motivasjon. Tilsette jobbar i tverrfaglege team, og vi oppfordrar alle til å komme med forslag om forbetringar. Resultat er rasjonelt arbeid, og ikkje minst samarbeid og meistringskjensle. Heile mennesket Det at vi saman med Q-Meieriene er ein del av Kavlifondet, meiner vi gjer oss til ein attraktiv læreplass. Vi er opptatt av å sjå og utvikle heile mennesket. Lærlingane kjenner seg trygge her, og saman med PRO opplæringskontor sørger vi for at dei kjem gjennom programmet som trengs fram til fagbrev. Ein ekstra bonus er utveksling til andre fabrikkar i Norge, Sverige og England. Alle tilsette får dessutan vere med og bestemme kva ein viss sum av overskotet skal gå til. Her spelar deira eigne lokale hjartesaker ei viktig rolle. Dei siste åra har vi mellom anna hatt fokus på ungdom og psykisk helse, og gode løysingar for klima og miljø. Vi tar gjerne i mot lærlingar i alle fagområda våre, avsluttar Linda og Roar. Vi tar vare på alle – og om ein har ulike utfordringar i kvardagen – så stiller vi opp. Kva er *LEAN? Leiararar og medarbeidarar jobbar saman over tid for å auke verdien for kundane, utan å sløse med ressursar, tid eller innsats. Levere verdi med mindre innsats. Del artikkelen på sosiale medier
Eg gløymer klokka når eg jobbar som industrimekanikar

Fagområde: IndustrimekanikarBedrift: Steinvik fiskefarm Eg har aldri hatt interesse av å skru i oppveksten, smiler Johannes Holvik (19), som er 2. års lærling i industrimekanikarfaget. No stortrivast han på Steinvik Fiskefarm sin base Seljeset. Her er det han og fagansvarleg Tore Haugen som styrer skuta. Johannes er i full aktivitet med å skru på ein båt som har motortrøbbel. Det er ikkje så mange som jobbar her, men verkstaden er stor og arbeidet er variert. På ungdomskulen viste eg ikkje kva eg ville, men så valde eg utplassering på TIP. Det var veldig annleis enn eg hadde tenkt – og veldig mykje gøy å gjere på. Læreplassen her hos Steinvik er fantastisk bra, skryt Johannes. Her er aldri ein kjedeleg dag, og eg får vere med på alt mogleg. Eg har alltid likt å køyre båt, og no får eg gjere det i jobben, smiler han fornøgd. Breitt spekter av jobbar Johannes og Tore fortel om ein arbeidsplass med ein veldig variasjon i arbeidsoppgåver. Oppdragsgjevaren er alle lokalitetane til Steinvik Fiskefarm, noko som betyr arbeid med båtar, motorar, vedlikehald, sveising, fôrmodular på sjøen, pussing og maling, presse hydraulikkslangar, dreie delar og ikkje minst å følgje båtane og modulane på serviceopphald på Westcon og Brødrene Aa. Det gir god praksis på andre typar verkstad, smiler Johannes fornøgd. Båtservice Elles lastar han gjerne opp ein båt med verktøy, reservedelar og olje – og tar service ut på oppdrettsanlegga. Det er viktig at lærlingane får sleppe til og prøve seg. Utfordringar er avgjerande for at folk trivast, presiserer Tore. Det kjekkaste her er å få jobbe med motorar og å sveise, ja då kan eg fort gjort å gløyme klokka, repliserer Johannes. Dei to mekanikarane viser fram ein Polarcirkel-båt som trengte oppgradering etter mange år på sjøen. Her er det blitt delvis styrehus og nye og komfortable seter. Eit godt stykke arbeid – frå teikning til ferdig resultat – som begge med rette kan vere stolte av. Del artikkelen på sosiale medier
TINE Meieriet Bergen

Fagområde: Industriell matproduksjonBedrift: TINE Meieriet Bergen TINE Meieriet Bergen er lokalisert på Espehaugen ved Flesland. Her produserer dei rundt 160 tilsette konsummjølk og fløyte til norske forbrukarar. Håkon Hagenes (25) er 2. års lærling i industriell matproduksjon, og kan fortelje om ein litt uvanleg veg fram til faget. Industriell matproduksjon er som regel ei retning ein vel etter restaurant og matfag på VG1, men det er ikkje denne vegen Håkon har valt. Etter VG1 og TIP-faget på Sotra tok han kjemiprosess på Laksevåg VGS, med påfølgande læretid på smelteverket til Eramet i Sauda. Likar prosessfaget Etter at fagbrevet i kjemiprosess var på plass, studerte Håkon prosessteknikk på Fagskulen Nordnes Bergen. Etter 2 år på fagskulen og ein tur innom historie på Universitetet i Bergen søkte han så lærlingplass hos Tine. Det var ein litt krunglete veg, men eg likar prosessfaget og det har mykje til felles med kjemiprosessfaget, smiler Håkon. Styrer prosessen Som lærling i industriell matproduksjon får Håkon jobbe med å overvake tappe- og pakkemaskinene på TINE Bergen. Dei fleste prosessane er styrt via datamaskiner. Å starte og avslutte prosessar er kritiske punkt i arbeidet, og elles tar vi oss av enkelt vedlikehald og reingjering. Hygiene og mattryggleik Eg følgjer produksjonen frå råvarene, som er mjølk frå bønder på Vestlandet, kjem inn til anlegget til det ferdige produktet– mjølk i kartong – blir sendt ut til butikkane. Hovudfokus i industriell matproduksjon er hygiene og reinhald. Vi må alltid tenke mattryggleik i arbeidet med framstilling av konsummjølk. Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er eit anna viktig felt i moderne industri med avansert produksjonsutstyr. Det rette faget Håkon fortel om ein spennande jobb, der ingen dagar er like. Sjølv om han har ein brei bakgrunn frå prosessindustrien må han likevel tette eit hol i CV-en for å kunne ta fagbrevet. Sidan eg ikkje starta med matfaget på VGS, så manglar eg ein eksamen – men det reknar eg med at skal gå greitt. Håpet er å kunne fortsette jobben hos Tine, når fagbrevet er i boks. Håkon har funne sitt rette fag. Del artikkelen på sosiale medier
Med lidenskap for syklar, ski og sal

Fagområde: Salsfaget Bedrift: Chatlet Sport1 Førde Ny dag – nye moglegheiter, kjem det friskt frå lærling Erik Alnes Litsheim (19), i det han entrar læreplassen sin Chatlet Sport1 Førde. Eg må ha ein god kopp kaffi før fingrane er klare for å skru på syklane, smiler han til fagansvarleg Silje Valle Ytterhaug. Ho fortel at det er første gongen dei har lærling i butikken, – og vi har kursa oss litt for å kunne gjere ein god nok jobb. Lærlingen kjente vi frå før, sidan han har vore ekstrahjelp på butikken i eit par år. Ja, eg har brukt to år på å selje meg inn, kjem det kvikt frå Erik. Førdeguten Erik er 2. års lærling, og stortrivast i sportsbutikken på Førde Torg. Eg jobbar først og fremst på sykkelverkstaden og med montering av ski på vinteren, men elles er eg stort sett ei potet. Erik er glad i å prate med folk, og trivast godt med sal og servicefaget. Det er veldig kjekt å kunne hjelpe kundane. Når kundane er fornøgde veit eg at eg har gjort noko ordentleg. Skulelei på ungdomsskulen Planen min var nok i utgangs punktet å gå studiespesialisering, men så vart eg så dritlei det siste året på ungdomsskulen. Det var ein fin måte å få arbeidserfaring å starte på faget sal og service, og så jobbe som ekstrahjelp her på butikken. Tanken var at eg skulle gå VG3 og påbygg, men så kunne eg jo vere lærling her – og det passa meg veldig godt. Lønn under utdanning og å kunne få jobbe med ting som interesserer meg er heilt supert. Tidlegare var eg aktiv i fotball, sykling og ski, men no har eg enda opp med langrennsporten som satsingsområde. Lett kontakt med folk Eg får mange forskjellige oppgåver her, alt i frå å skru syklar og hjelpe kundar, til å hente posten, rydde, ta telefonen og køyre papp og boss til Hesjedalen. Erik får lett kontakt med folk, og fortel at dei også har godt samarbeid med dei andre butikkane på huset. I tillegg har vi vareutveksling og samarbeid med Chatlet butikkane på Sandane og Eid. Erik er ein sosial type og er ikkje redd for å prøve nye ting. Interesse for faget Sjølv om eg prøvde å selje meg inn som sykkelreparatør, så kunne eg nok ikkje så mykje då eg starta her. Eg har lært utruleg mykje av Kai Ytterhaug, som er sjef på verkstaden. Han skremde meg litt då eg starta med å seie; «Viss du trur du er ferdig utlært, så er du ikkje utlært – men ferdig». Fordelen med å ha ungdommar i butikken, som er interesserte i faget, er at dei tar ting veldig kjapt, skyt Silje inn. Dessutan er det viktig å få inn litt nytt blod i kollegiet. Erik er utvilsamt eit friskt pust, som likar å prate med alle, og som heller ikkje er redd for å spørje om råd når han treng det. Lage eigen kampanje Til helga skal butikken ha nattope, og då har Erik får i oppdrag å lage sin eigen kampanje – som ein del av førebuinga til fagprøva. På spørsmål om framtida er han meir usikker. Eg er ikkje så god på langtidsplanlegging, og har i grunnen nok med å stille vekkarklokka til neste morgon. Eg skal i militæret når eg er ferdig med fagprøva, så får vi sjå. Kanskje står eg plutseleg her og bankar på døra igjen. Del artikkelen på sosiale medier
Valde dei kjekkaste faga

Fagområde: Industrimekanikar og produksjonsteknikk Bedrift: Cargill På Cargill Florø møter vi to jenter som har valt eit arbeidsområde som tradisjonelt er prega av mannlege medarbeidarar. Monica Langedal, som leiar vedlikehaldsavdelinga på fiskefôrfabrikken, fortel at det er eit mål å auke kvinneandelen. Vi ser det igjen på arbeidsmiljøet når vi får fleire jenter på ein såpass mannsdominert arbeidsplass, og sjølvsagt gjer jentene ein like god jobb som gutane. Lærlingane Linea Bortne Haveland (18) frå Eikefjord og Sara Gjerland Høyesen (19) frå Solund og er lærlingar i faga produksjonsteknikk og industrimekanikar. Begge gjekk på linja TIP på Flora VGS, og begge var leie av teoretiske fag då dei gjekk ut av ungdomsskulen. Eg valde berre det som såg kjekkast ut, smiler Linea. Ingen av dei viste kva dei ville, men begge viste at dei ikkje ville velje tradisjonelle «jentefag». Interesse for faget Både Sara og Linea hadde utplassering på Cargill Florø på vidaregåande. Ja, det var faktisk her vi blei kjente – sjølv om vi gjekk på same skule. Monica skyt inn at dei to jentene gjorde godt inntrykk og viste interesse for faget. Vi har for tida totalt 8 lærlingar, og det er viktig at kandidatane viser interesse og nysgjerrigheit for faget – og ønskjer å lære meir. Produserer og overvakar Sara er 2. års lærling i produksjonsteknikk og har hovudfokus på å produsere og overvake pelletsproduksjonen. Vi startar, stoppar og køyrer maskinene frå PC-ar i kontrollrommet, men vi sit ikkje framfor skjermen heile dagen. Vi må ut og ta prøvar av fôret, og om nødvendig så må vi justere samansettinga. Elles er det ein god del førebyggande vedlikehald, som smørjing, sjekk og vask. Alt må virke Linea er 1. årslærling som industrimekanikar, og er i ein fase der ho skal gjere seg kjent med maskinene og fabrikken. Det er veldig mykje å sette seg inn i på ein så stor fabrikk. Eg får vite kvar morgon kven eg skal jobbe i lag med, og får vere med på både reparasjonar og vedlikehald. Det er eit stort ansvar å halde landets største fiskefôrfabrikk i drift. Difor er arbeidet veldig variert, og eg får kjenne på at jobben min er viktig. Del artikkelen på sosiale medier