Finio toppbilde

Frå lærling til dagleg leiar

Fagområde: Industrimekanikar og motormekanikar Bedrift: Finio Drift AS

For gardsguten Andreas Hofsvik (28) var det ikkje gitt at han skulle ende opp i den maritime bransjen, men med to fagbrev frå den maritime verda i bagasjen, så vart det slik.

Då Andreas var ferdig på vidaregåande, tok han først fagbrev i industrimekanikarfaget etter læretida si i Havyard. Parallelt med dette vart Finio Drift AS grunnlagd av Fred-Åge Hyllestad. Finio er eit maritimt verkstad i Sørbøvåg i Hyllestad som utfører vedlikehald og reparasjonar for båtar og skip. I starten var det Fred-Åge som styrte skuta åleine, men då han i 2018 såg at det var behov for å skalere opp, tok han kontakt med vår mann Andreas:

– Andreas hadde eg høyrt gode ting om, så han ville eg prøve å få over til oss, og det gjekk jo bra det, smiler Fred-Åge.
 
Andreas starta difor si andre læretid her, denne gongen som motormekanikar. Etter fullført fagbrev nummer to, reiste han til Bergen på fagskulen for å fordjupe seg i maskinteknikk. Likevel var han stadig innom for å jobbe på Finio i både helger og ferier. I 2021 returnerte han til Sørbøvåg for å jobbe fulltid for Finio.
 
– Det er ein kjekk arbeidsplass og eg er takksam for at Fred-Åge har vore ei god støtte for meg heile vegen, seier han.
 

Tok over som dagleg leiar

Tida gjekk og Andreas fekk stadig meir ansvar, særleg på det tekniske, og dei siste åra har han jobba både som mekanikar og prosjektleiar. For eit års tid sidan kom førespurnaden om han kunne tenke seg å ta over som dagleg leiar:

– Å få det spørsmålet er heilt klart noko eg sett stor pris på. Samtidig har eg og Fred-Åge heile tida vore tette sparringspartnarar, så overgangen har i grunnen vore glidande på den måten.

Fred-Åge fortel at Andreas er nøye, strukturert og flink til det meste og at han er trygg på at han har valt rett mann til å overta. Sjølv er ikkje Andreas spesielt opphengd i titlar:

– Nei, arbeidskvardagen min er mykje det same. Det er i grunn berre tittelen som er ny. Eg er glad for at eg framleis får ha nokre dagar i produksjonen, og vere vanleg mekanikar og jobbe i lag med både lærlingar og andre kollegaer, smiler han.

Ringen er slutta

Gjennom PRO Vestland har Finio i år fått ny lærling i industrimekanikarfaget, 18 år gamle Elias Horne, og det er Andreas som er fagleg ansvarleg for han. Det må kunne kallast eit «full-circle moment». Andreas synest sjølv at det er kjekt å følge opp lærlingane. Så kjekt synast han faktisk det var at han har signalisert til PRO at han ønskjer å bli med i prøvenemnda og bli sensor:

– Heilt sidan eg starta som lærling for 10 år sidan har eg hatt god dialog med PRO, så det hadde vore kjekt å gje noko tilbake. Eg håpar det kan vere inspirerande å sjå at det er mogleg å gå heile vegen frå lærling og til topps om ein ønskjer det, fortel han.
 
Om Andreas skal gje eit råd til dagens lærlingar, så må det vere å halde på nysgjerrigheita:
– Våg å stille spørsmåla, sjølv om dei kan kjennast dumme. Ein må prøve og feile, det er ikkje farleg, og ein må ta til seg all kunnskapen ein kan av dei andre ein jobbar med, avsluttar han.
Elias Horne (18) er ny lærling i industrimekanikarfaget hos Finio og Andreas er fagleg ansvarleg.

Del artikkelen på sosiale medier

pro sf logo

Pro Vestland opplæringskontor

Adresse: Concordbygget, Firdaveien 6
Telefon: (+47) 57 83 22 60
E-post: post@pro.sf.no
Organisasjonsnummer: NO980 026 655

Personvern