Dagen etter fagbrevet var han lærling igjen
Fagområde: Industrimekaniker/Kjemiprosess Bedrift: SafeClean
Sander Nikolai Øvrebø (22) er lærling i Høyanger-bedrifta SafeClean. Han er nyleg ferdig med fagbrev som industrimekanikar og allereie dagen etter ga han seg i kast med eit nytt fagbrev.
SafeClean starta som ei kjemisk avlakkeringsbedrift og etter kvart bevega dei seg over mot olje- og gassindustrien. Dei leverer tenester som kjemisk og mekanisk reinsing, og sortering av farleg avfall. Av 40 tilsette totalt, er 20 basert i Høyanger. Bedrifta har tre lærlingar og ein av desse er Sander Nikolai. Nyleg bestod han fagbrev som industrimekanikar:
– Eg har alltid hatt lyst til å bli mekanikar. Først tok eg eit år påbygg, og etter dette var eg i militæret, men eg kom stadig tilbake til mekanikardraumen. Så fekk eg tilbod om å komme hit og er veldig glad for det, fortel han.
Fekk reise offshore
Sander jobbar med vedlikehald av utstyr, til dømes med røyrspyleanlegget og anna utstyr som ein bruker offshore. Han har hatt ei variert læretid, og har mellom anna fått reise offshore og teke offshoresertifikat. Men for Sander heldt det ikkje med fagbrev som industrimekanikar, dagen etter fullført prøve gav han seg i kast med eit nytt fagbrev, denne gongen i kjemiprosess:
– I alle år har vi hatt industrimekanikarlærlingar på SafeClean, og ofte går desse vidare og tek produksjonsteknikk. Men Sander hadde heller lyst til å ta kjemiprosess, så då heiv vi oss rundt og søkte om å bli godkjend som lærebedrift for dette. Han blir faktisk vår første lærling som tek dette og går dermed inn i historiebøkene, smiler Odd Erik Dingsøyr, avdelingsleiar hos SafeClean i Høyanger.
Det er Odd Erik som blir fagleg leiar for Sander, då han sjølv har fagbrev i kjemiprosess i botn. Sander fortel at han trivst godt i SafeClean og har planer om å bli verande:
– Når eg er ferdig med fagbrev nummer to, så vil eg ha både industrimekanikar og kjemiprosess, og då kan eg i praksis gjere alt. Eg blir nok ei potet her.
Odd Erik forklarar at akkurat dette passar godt inn i profilen deira og effektiviserer arbeidskvardagen, på den måten at dei har både produksjonsarbeidar og vedlikehald i ein og same person.
Bursdag og fagbrev
– I dag blir det kake i lunsjen for å feire Sander. Ikkje berre har han bestått fagprøva som industrimekanikar med glans, han har også nettopp fylt 22 år, så her er det all grunn til å feire, seier Odd Erik nøgd.
Del artikkelen på sosiale medier