Malene koordinerer og administrerer
Fagområde: Service og administrasjon, har fagbrev i salsfaget
Bedrift: PRO Vestland
Malene Nummedal Bryn (21) kjem frå Vik i Sogn, der mamma har jobba innan sal og service i 25 år. Eg har vore med ho på både jobb og messer i oppveksten, så eg viste tidleg kva retning eg skulle satse på. I 10. klasse hadde eg dessutan utplassering på Fleischer Hotell på Voss, og den sommaren eg var 16 år hadde eg jobb som resepsjonist på hotellet. Å få vere med å påverke og forme gode opplevingar for gjestane gav meirsmak, smiler Malene.
På Sogndal VGS gjekk eg «Service og samferdsle», og «Sal, service og sikkerheit». Etter det flytta eg og ei venninne til Førde, og eg starta som lærling først hos Biltema og så på Spar. Med fagbrev i salsfaget starta eg så å jobbe på Power. Eg stortrivast med å jobbe i butikk, og har god erfaring med meg frå ulike butikkbransjar. – Men, etter eit halvt år i jobb var eg klar for fagbrev nummer 2, fortel ei energisk Vikajente.
Orden og system
Her på PRO-Vestland opplæring skal eg vere lærling i eit år før eg kan gå opp til fagprøva i «Service og administrasjon». Malene får god bruk for sine evner for struktur, orden og system. Ho styrer all postbehandlinga til opplæringskontoret. Kontoret har også ein 48-timers regel som seier at alle skal få svar innan denne fristen. Det er det mi oppgåve å passe på.
Rutinar gjer livet lettare
Malene likar å ordne opp for folk, og det får ho verkeleg gjort i denne jobben. 21-åringen sørger for å booke møter og kurs, og får alle lærlingane inn på rett plass i systemet – slik at alle veit kven som skal på kva kurs og samling. Eg sørger for å sette ting i system, og at det blir følgt. Rutinar er viktig, og gjer ting lettare for alle.
Internasjonalt arbeid
Å vere lærling her betyr at ein får vere med på ting ein aldri får på andre arbeidsplassar, slår ho fast. Vi er med i eit europeisk utvekslingsprosjekt ERASMUS og eg har fått jobben med å koordinere turen med utanlandske gjestar i Norge. I den samanheng fekk eg vere med som observatør på ein tur til Frankrike, i tillegg til yrkes-EM i Gdansk. Neste år skal yrkes-NM gå av stabelen her i Førde, og dette er viktig læring for det arrangementet.
Kundeservice er eit isfjell
Malene er veldig fornøgd med den vegen ho har tatt med tanke på utdanning, og seier at det ho driv med eigentleg er kundeservice. Det er som eit isfjell, forklarar ho. Salsdelen er toppen av isfjellet som du ser. Service og administrasjon er den delen du ikkje ser. Det er det som må til for at alt skal gå rundt i ei bedrift.
Frå budsjett til skulebesøk
I mitt fag er det uendeleg mange moglegheiter, smiler Malene fornøgd. Ho vurderer å ta økonomi og leiing på fagskulen i kombinasjon med påbygg etter at fagbrevet er på plass. Førebels er eg godt fornøgd med det eg held på med. Eg får prøve meg på alt frå budsjett til å reise på konferansar og skulebesøk.
Del artikkelen på sosiale medier