Alle skal ha det gøy på jobb
Fagområde: Logistikkfaget og industrimekanikk
Bedrift: Lerum
Hos Lerum er dei opptatt av rekruttering til bedrifta, og det er ein viktig strategi å ha lærlingar i ulike fag. Slik sikrar saft-, jus- og syltefabrikken på Kaupanger seg ny kompetanse, samtidig som dei får ein god miks av seniorar og yngre medarbeidarar. Det er positivt for både kompetanseutvikling og arbeidsmiljøet.
Frå Columbia til Sogn og logistikk
Juan David Rivas Diaz (23) kom frå Colombia til Norge i 2018, for å ta utdanning. Han starta i Bergen med språkopplæring – først engelsk så norsk. Etter 3 år i Bergen med språkopplæring og TIP på vidaregåande, gjekk turen til Sogndal og eit år med faget transport og logistikk.
Kult med truck
Juan har nyleg starta som lærling i logistikkfaget hos Lerum, og stortrivast med å køyre truck. Det er mykje som skal lærast, men her startar dei med opplæring i lasting. Dei fleste synes det er trongt og skummelt å flytte på pallar med saft og sylteglas. Juan synest det var kult frå første dag. Utviklande med lærling Fagansvarleg Bent Sjøthun fortel at det er mykje dei skal gå i gjennom i læretida. Det er viktig å lære seg datasystemet, slik at ein held orden vareflyten. Alt må dokumenterast, og det krevst god struktur. Logistikkfaget er ein viktig del av fabrikken, og eg synes det er god læring for oss som er fagansvarlege å ha lærlingar. Det utfordrar oss og er utviklande for alle.
Frå Hønefoss til Sogn og industrimekanikk
Erling Skurdal Bjerktveit (18) vekependlar mellom Hønefoss og Sogn, for å få ei spennande og variert læretid som industrimekanikar på Lerum. Eg likar fysisk arbeid, og så må det helst vere litt variert – og det kunne eg ikkje få på austsida av fjella. Erling gjekk TI på Hønefoss, men fekk utplassering på Lerum, sidan faren jobba der. Eg er vaksen opp på gard og har alltid vore interessert i maskiner.
Vi held på mange måtar hjula i gang på fabrikken, seier Arne Venes – som er fagansvarleg for lærlingen. Det er viktig med jamleg service på maskinene, og ting må reparerast, slik at det blir ein god miks av planlagde og akutte jobbar. I tillegg har vi større prosjekt som ombygging, riving og utbytting av maskiner. Vi har rikeleg å gjere på slår dei to fast.
Løysingsorientert
Kulturen her på Lerum er å vere løysingsorientert, presiserer Arne. Det er ikkje alltid vi har det vi treng, men ting kan som regel fiksast på ulike vis, og vi får det til. Det er ein god meistringsfølelse når vi har fiksa eit problem. Då blir alle rundt oss glade og vi ser at arbeidet vi gjer betyr mykje for andre.
Alle blir sett
Det beste med å vere på Lerum er ein variert kvardag og at vi har det gøy på jobb, smiler Erling. Når ein går i gangane i fabrikken, møter ein på blide folk som nikkar, seier hei og sender deg eit smil uansett. Her blir alle sett, og inkludert.
Del artikkelen på sosiale medier