TINE Meieriet Bergen

TINE Meieriet Bergen

Fagområde: Industriell matproduksjon
Bedrift: TINE Meieriet Bergen

TINE Meieriet Bergen er lokalisert på Espehaugen ved Flesland. Her produserer dei rundt 160 tilsette konsummjølk og fløyte til norske forbrukarar. Håkon Hagenes (25) er 2. års lærling i industriell matproduksjon, og kan fortelje om ein litt uvanleg veg fram til faget.

Industriell matproduksjon er som regel ei retning ein vel etter restaurant og matfag på VG1, men det er ikkje denne vegen Håkon har valt. Etter VG1 og TIP-faget på Sotra tok han kjemiprosess på Laksevåg VGS, med påfølgande læretid på smelteverket til Eramet i Sauda. 

 

Likar prosessfaget 

Etter at fagbrevet i kjemiprosess var på plass, studerte Håkon prosessteknikk på Fagskulen Nordnes Bergen. Etter 2 år på fagskulen og ein tur innom historie på Universitetet i Bergen søkte han så lærlingplass hos Tine. Det var ein litt krunglete veg, men eg likar prosessfaget og det har mykje til felles med kjemiprosessfaget, smiler Håkon.

 

 

Styrer prosessen

Som lærling i industriell matproduksjon får Håkon jobbe med å overvake tappe- og pakkemaskinene på TINE Bergen. Dei fleste prosessane er styrt via datamaskiner. Å starte og avslutte prosessar er kritiske punkt i arbeidet, og elles tar vi oss av enkelt vedlikehald og reingjering. 

 

Hygiene og mattryggleik 

Eg følgjer produksjonen frå råvarene, som er mjølk frå bønder på Vestlandet, kjem inn til anlegget til det ferdige produktet– mjølk i kartong – blir sendt ut til butikkane. Hovudfokus i industriell matproduksjon er hygiene og reinhald. Vi må alltid tenke mattryggleik i arbeidet med framstilling av konsummjølk. Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er eit anna viktig felt i moderne industri med avansert produksjonsutstyr. 

 

Det rette faget 

Håkon fortel om ein spennande jobb, der ingen dagar er like. Sjølv om han har ein brei bakgrunn frå prosessindustrien må han likevel tette eit hol i CV-en for å kunne ta fagbrevet. Sidan eg ikkje starta med matfaget på VGS, så manglar eg ein eksamen – men det reknar eg med at skal gå greitt. Håpet er å kunne fortsette jobben hos Tine, når fagbrevet er i boks. Håkon har funne sitt rette fag.

Del artikkelen på sosiale medier

pro sf logo

Pro Vestland opplæringskontor

Adresse: Concordbygget, Firdaveien 6
Telefon: (+47) 57 83 22 60
E-post: post@pro.sf.no
Organisasjonsnummer: NO980 026 655

Personvern