INVITASJON TIL TEKNOLOGILEIR FOR 9. OG 10. KLASSINGAR
Har du lyst å lære meir om teknisk utdanning gjennom praktisk arbeid? No har du sjansen til å bli med på ein spennande helg der du får designe, 3D-printe og montere din eigen høgtalar!

Kva er Teknologileir?
Teknologileir er ein unik moglegheit for ungdom som vil utforske tekniske fag på ein kjekk og engasjerande måte. Gjennom to dagar vil du:
- Teikne og designe din eigen modell.
- 3D-printe modellen.
- Montere høgtalaren din og få den til å spele musikk!
Vi har fokus på berekraft og sirkulærøkonomi, der sjølve høgtalaren er laga av gjenbrukte komponentar frå gamle PC-ar og liknande.
Leiren er heilt gratis, og alt vi krev er at du har lyst å delta. På slutten av helga inviterer vi foreldre eller andre nære til å sjå resultatet ditt, medan dei får servert ein kaffikopp og litt pizza. Samtidig vil vi gi informasjon om yrkesfag og moglegheitene innan tekniske utdanningar.
Praktisk informasjon
- Dato: laurdag 30. november og sundag 1. desember
- Tid: Oppstart kl. 09.30 begge dagane
- Stad: Campus Verftet, Førde
- Påmelding: post@pro.sf.no
- For meir informasjon: Kontakt oss på tlf 91144966 (Jorunn) eller 94531540 (Kristen), eller på epost
NB: Det er avgrensa med plassar – maks 10 deltakarar, så her er det første mann til mølla!
Vi gler oss til å sjå deg på Teknologileiren og til å vise fram kva tekniske fag har å by på!