Oversikt over læreplassar 2023

Teknologi- og industrifag

 

 

Reservedelsfaget | 0 stk

 

 

Laboratoriefaget | 0 stk

 

Sal og administrasjonsfag

 

Service- og administrasjonsfaget | 2 stk

 

 

Medieproduksjonsfag

 

 

Industriell matproduksjon

Har du lyst å bli lærling hos oss?

 
Når du sender søknad til oss, har du søkt til alle våre medlemsbedrifter som tilbyr læreplass i relevant fag for deg.

Du får vere lærling i store eller små bedrifter. I læretida di får du moglegheit til utplassering i utlandet. Du får tett oppfølging frå oss og får vere med på faglege og sosiale arrangement (eks. konsertar, skihelg, gocartkøyring/trafikktryggleik mm.).

Vi gleder oss til å samarbeide med deg om di fagutdanning.

Hugs å registere søknaden din på Vigo også.

 

Internasjonalisering

 

Vil du oppleve ein månad som utvekslingslærling?

Siden våren 2015 har PRO Opplæringskontoret hatt Riga State Technical School som utvekslingspartnar, der læringane får si utveksling i Latvia. På utvekslingsprogrammet får du alle utgiftene betalt, samt ein slant lommepengar.

Næringslivet i vår region og landet elles vert stadig meir internasjonalt og globalt. Å vere utvekslingselev er ikkje berre spennande og lærerikt, det er nyttig å ha vore ute i verda og sett korleis industrien fungerer i andre land.

Eit anna tilbod, i første rekke innafor CNC-faget, er studietur til Teknisk fagskole i København. Både CNC-lærlingar, instruktørar og faglege leiarar kan melde seg på. Lærlingar i andre fag kan og vere aktuelle dersom dei vurdere å ta CNC som sitt fagbrev

Gjennom EØS-midla er det fram til 2016 sett av 250 millionar kroner til utveksling av studentar og tilsette mellom utdanningsinstitusjonar i Noreg og mottakarlanda.

I tillegg til utveksling skal støtta vere med på å styrke samarbeidet over landegrensene.

Internasjonalt samarbeid innan forsking og utdanning er høgt prioritert i Europa. Samarbeidet er også med på å gjere Noreg kjent som ein kunnskapsnasjon og attraktiv samarbeidspartnar. Kunnskapar og erfaringar vert utveksla og nettverk til gjensidig nytte vert bygd.

Dersom du ynskjer å delta eller vil vite meir om internasjonaliseringsprogrammet vårt, kan du sende e-post til; post@pro.sf.no, eller du kan ta det opp på oppfølgingsmøte saman med din opplæringskonsulent.

pro sf logo

Pro Vestland opplæringskontor

Besøksadresse: Concordbygget, Firdaveien 6
Postadresse: Postboks 492, 6803 Førde
Telefon: (+47) 57 83 22 60
E-post: post@pro.sf.no
Organisasjonsnummer: NO980 026 655

Personvern

Hopp rett ned til innholdet