miljofyrtarn_pro_vestland_sf

Øyvind Indrebø.png

Den nyvalde styreleiaren i PRO Vestland opplæringskontor meiner at tett oppfølging og kvalitetssikring gjennom bruk av opplæringskontor er viktig for rekrutteringa til yrkesfag.

– PRO Vestland opplæringskontor skal sikre god kvalitet og oppfølging av lærlingar i våre medlemsbedrifter, slik at vi saman rekrutterer og varetek fagkompetansen næringslivet treng. 

Det seier HR-direktør i Coop Nordvest SA, Øyvind Indrebø, etter at årskonferansen valde han inn som ny styreleiar for PRO Vestland opplæringskontor 24. mars. 

NHO melder i sitt kompetansebarometer at 6 av 10 bedrifter ikkje får tak i nok lærlingar. Samstundes seier 4 av 10 at dei har avslått søknadar grunna høgt fråvær og manglande sosiale og faglege ferdigheiter. 

 – Dette syner behovet for kontinuerleg samarbeid mellom næringsliv, opplæringskontor og fylkeskommune. Partane i arbeidslivet er representert i Fagopplæringsnemda. Denne nemda må få tilbake retten til innstilling og helst vedtaksmynde generelt, og særskild ved dimensjonering av klassar.
 

Øvrige styremeldem i PRO Vestland opplæringskontor: 

–       Styremedlem: Marte Hatlevik, Osland Havbruk AS

–       Styremedlem: Svein Arne Sandvik, Elkem Bremanger

–       Styremedlem: Unni Verlo, Tine Byrkjelo 

–       Styremedlem: Odd Erik Dingsøyr, Safeclean AS

pro sf logo

Pro Vestland opplæringskontor

Besøksadresse: Concordbygget, Firdaveien 6
Postadresse: Postboks 492, 6803 Førde
Telefon: (+47) 57 83 22 60
E-post: post@pro.sf.no
Organisasjonsnummer: NO980 026 655

Personvern

Hopp rett ned til innholdet