I dag er det 1. mars og søknadsfrist for vidaregåande opplæring og læreplass. Statistisk sentralbyrå sine rapportar syner eit behov for 100.000 nye fagarbeidarar innan 2030. Framtida treng fagarbeidaren – framtida treng deg!

Vi ynskjer deg lykke til med ditt val – og vi håpar vi ser deg som lærling snart!


Yrkesfag:

vilbli.no finn du ei nyttig oversikt over alle dei forskjellige vegane til fagbrev, i tillegg til ei god oversikt for vidaregåande opplæring generelt.

I denne videoen, laga av OFIR, kan du sjå alle dei flotte moglegheitene du får med ei yrkesfagleg utdanning. Her der det fleire spennande vegar vidare om du ynskjer å studere vidare:

WorldSkills Norway er ein ideell organisasjon som jobbar for å auke statusen, interessen og kvaliteten på yrkesutdanning. Dei arrangerer også Yrkes-NM og VM. PRO Vestland opplæringskontor har tidlegare hatt med lærlingar på dette, og det er alltid like moro.

Dei har laga denne videoen som syner 10 gode grunner til å velge yrkesfag:

Læreplass

For å søke læreplass i våre medlemsbedrifter, send søknad, CV og karakterutskrift til post@pro.sf.no.
OBS! Hugs også å registrere søknaden din på VIGO også.

Her finn du ei oversikt over alle våre ledige læreplassar:


Jenter & Teknologi Vestland

Sammen med Erika, som du kan bli litt betre kjent med i videoen over, nokre av våre lærlingar og medlemsbedrifter, har vi besøkt 9. og 10. klassingar i heile nordre del Vestland (gamle Sogn og Fjordane) via Teams. Prosjektet er ein lokal variant av det nasjonale prosjektet med same namn. Teknologi- og industrifag treng fleire jenter! Målet med Jenter & Teknologi er nettopp å rekruttere fleire til desse spennande faga.

Dette er eit prosjekt som fortsatt er i gong, og vi skal ut å besøke endå fleire i tida framover.
Ynskjer du meir informasjon og eit digitalt (eller fysisk) besøk av oss til din skule, ta gjerne kontakt på post@pro.sf.no.

Vi kjem i løpet av kort tid om å sende ut ein quiz til alle som har delteke på webinar og presentasjonar med oss den siste tida.


pro sf logo

Pro Vestland opplæringskontor

Besøksadresse: Concordbygget, Firdaveien 6
Postadresse: Postboks 492, 6803 Førde
Telefon: (+47) 57 83 22 60
E-post: post@pro.sf.no
Organisasjonsnummer: NO980 026 655

Personvern

Hopp rett ned til innholdet