Automatisert produksjonsline, mini-lab og fabrikk, levert av PRO Vestland opplæringskontor

Automatisert produksjonsline, mini-lab og fabrikk, levert av PRO Vestland opplæringskontor

Frå barnehage til doktorgrad

I går opna Campus Verftet, eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Fagskulen i Sogn og Fjordane (Vestland fylkeskommune), Sunnfjord kommune og fleire aktørar i lokalt næringsliv. Her er det gjort store investeringar i Elkraft-laben, Robotlaben og Storelaben, som gjev studentane og andre tilgang til ny og spennande teknologi.

Campus Verftet sin visjon er at her kan ein utforske og oppdage teknologi frå BHG (barnehage) til Phd (doktorgrad). Med andre ord er dette tilgjengeleg for alle i gamle Sogn og Fjordane, og vi vonar lærlingar grip denne moglegheita. Målet er at kunnskapsdeling og innovative verktøy skal gje positive ringverknader for næringslivet.

PRO Vestland opplæringskontor har bidrege med ei automatisert produksjonsline til Storelabben.

Vi gratulerer med opning – og gler oss til å sjå spennande prosjekt bli realisert ved Campus Verftet!

Bilete frå opninga:

pro sf logo

Pro Vestland opplæringskontor

Besøksadresse: Concordbygget, Firdaveien 6
Postadresse: Postboks 492, 6803 Førde
Telefon: (+47) 57 83 22 60
E-post: post@pro.sf.no
Organisasjonsnummer: NO980 026 655

Personvern

Hopp rett ned til innholdet