I samsvar med oppgåva frå Vestland fylkeskommune og Udir, er vi no i gong med innhenting av årleg rapportering, lærebedrift- og lærlingundersøking. Rapportering og tilbakemelding frå medlemsbedrift og lærling er viktig for å gjere samarbeidet mellom opplæringskontor, medlemsbedrift og lærling best mogeleg. Dette er ein del av kvalitetsutviklinga til Udir, som skal bidra til at elevar og lærlingar får relevant fagopplæring i et godt læringsmiljø, og at dei gjennomfører opplæringa.
I denne artikkelen finn du nyttig informasjon om rapporteringa og undersøkingane.
Årleg rapportering
Rapporteringa mellom lærebedrift og fylkeskommune er lovpålagt, jf. Opplæringslova § 4-7 og forskrift § 11-3. Den årlige rapporteringa består av rapporteringsspørsmål og dokumentasjonsspørsmål. Begge er obligatoriske og ikkje anonyme. I medlemsbedriftene er det ein fagleg leiar som skal svare på Årleg rapportering.
Lenke til utfylling er sendt via epost og/eller SMS til registrert kontaktperson.
Lærebedriftundersøking
Tilbakemelding frå dykk er viktig for å gjere samarbeidet mellom opplæringskontor, medlemsbedrift og lærling best mogeleg. Vi oppmodar alle lærebedrifter om å delta i undersøkinga, då dette gjev viktig informasjon om lærings- og arbeidsmiljøet i bedrifta. Dette kan også nyttast i oppfølgingsmøter mellom opplæringskontor og medlemsbedrift, der ein kan gå igjennom resultatet og disuktere ev. tiltak.
Lenke til utfylling er sendt via epost og/eller SMS til registrert kontaktperson.
Lærlingundersøking
Det er obligatorisk for fylkeskommunene å gjennomføre Lærlingundersøkinga, jf. forskrift til opplæringslova § 2-3a og forskrift til friskulelova § 2-3a. Lærlingar og lærekandidatar som har vore i lære i meir enn 11 månader per 1. oktober, skal svare på undersøkinga. Det er frivillig for lærlingane og lærekandidatane å svare.
Lenke til utfylling er sendt via epost og/eller SMS til dei aktuelle lærlingane.
Innlevering
Innsending må skje innan 20.12.20.
Vi kjem til å følge opp faglege leiarar i god tid, dersom vi ikkje har motteke rapport og tilbakemelding.
Dersom du treng hjelp med utfyllinga av Årleg rapportering eller har andre spørsmål, kan du sjølvsagt kontakte oss.