15. september 2020 godkjende Stiftelsestilsynet vårt nye namn:
PRO Vestland opplæringskontor.

Namnet PRO har vi teke med vidare, fordi det skildrar det vi ynskjer å vere; progressiv, produsere, foran, forut og i bevegelse framover.

PRO-Vestland-Opplæringskontor_negativ.png

Hjå oss finn du no fleire fagområder under same «paraply» – kontor og administrasjon, sal, industri og teknologi, samt visuell kommunikasjon. Med andre ord syt vi for rekruttering, opplæring og kvalitetssikring av lærlingar frå søknad til fagbrev i «heile» verdikjeden – frå produksjon og utvikling til marknadsføring og sal. Felles for alt dette er teknologi, og Pro skal vere offensive i vår satsing på innovasjon og berekraft i samarbeid med medlemsbedriftene.

 Vi lanserer derfor ny nettstad! 

pro_macmobilmockup.jpg

Denne skal fungere som ein fagopplæringsbank, der du skal finne den informasjonen du treng, enten som medlemsbedrift eller lærling. 

Ny profil

Samstundes har vi også oppdatert vår visuelle profil for å fornye uttrykket i tråd med satsinga framover. Logoen er vidareutvikla med den ikoniske trekanten som representerer lærling, lærebedrift og opplæringskontor. Trekanten symboliserer også «V» i Vestland, saman med «O» for Opplæringskontor. Fargepaletten er modernisert og skal gjere det enklare å kommunisere med elevar, lærlingar og lærebedrifter og definere dei ulike fagområda. Rein Design har stått for design og utvikling av visuell profil og nettstad.

Tusen takk

Til slutt vil vi legge til at vi er audmjuke og stolte av at fleire og fleire bedrifter vel å bruke våre tenester, og vi representerer i dag 96 lærebedrifter. Vi stoppar ikkje her, og lovar å feire over 100 medlemsbedrifter snart. Likevel er det viktigaste for oss at våre medlemsbedrifter gjev lærlingane den beste læretida og formar framtidas arbeidskraft og eigen konkurranseevne.

 

pro sf logo

Pro Vestland opplæringskontor

Besøksadresse: Concordbygget, Firdaveien 6
Postadresse: Postboks 492, 6803 Førde
Telefon: (+47) 57 83 22 60
E-post: post@pro.sf.no
Organisasjonsnummer: NO980 026 655

Personvern

Hopp rett ned til innholdet