Læretida verkar kanskje langt unna for deg, spesielt om du nett har teke til på ditt første eller andre år på vidaregåande skule. Noko du likevel skal ta på alvor, som du kanskje alt er lei av at læraren din masar om, er kor utruleg viktig det er med minst mogleg fråvær. Om du ikkje klarer å ta det heilt på alvor når læraren din seier frå, så håpar vi du gjer det når vi som opplæringskontor no gir tydeleg beskjed: Sørg for å komme gjennom året med minst mogleg fråvær på vitnemålet!

Skjermbilde 2020-09-22 kl. 14.07.36.png

 

Bedrifter legg vekt på fråvær når dei skal tilsette

Får du ein dårleg karakter til jul, så har du tid til å rette dette opp før sommarferien. Det ein ikkje får gjort noko med er fråvær og ordenskarakter – dette vært ståande på vitnemålet. 
– Når du søkjer jobb kort tid etter vidaregåande opplæring, og spesielt ved søknad om læreplass, legg bedriftene stor vekt på fråværet ditt under skulegongen når dei vurderer om du skal tilsettast. Om ei bedrift har mange potensielle søkarar å velje mellom, ser dei særskilt på fråværet ditt, seier dagleg leiar ved Pro Vestland Opplæringskontor, Jorunn Kirketeig.

Det er skilnad på dokumentert og udokumentert fråvær

Sjølvsagt skal ein ikkje gå på skulen når ein er sjuk, spesielt ikkje i desse tider. Du kan og sjølvsagt møte opp til tannlegetimen din, utan å få vondt i magen. 
– Blir du dårleg og lyt være heime nokre dagar, så tek du ein telefon og eventuelt ein tur til legen og får skriftleg dokumentasjon på fråværet ditt. Skal du til tannlegen viser du læraren innkallinga di. Det «dårlege» fråværet er det som ikkje blir dokumentert med gyldig årsak, og spesielt om det hopar seg opp og blir mange timar og dagar, seier Kirketeig og held fram. 

– Det er lett å tenke at ein time her og ein time der ikkje blir så mykje i det store og heile. Men når ein først har tillate seg å komme for seint ein dag, fordi du valde å sove ein time ekstra, blir terskelen lågare for å gjere det same neste veke: Mitt beste råd er å leggje seg til gode vanar med ein gong, og være flink til å møte på skulen. 

 

Vitemålet følgjer deg vidare i karrieren

Hugs at vitnemålet ditt skal følge deg heile livet, og kan gi deg konsekvensar seinare. 
– Når du startar læretida di går du frå å være elev til å bli ein arbeidstakar. Då lyt ein følgje arbeidslivets reglar om eigenmelding og sjukmelding ved fråvær. Har ein andre grunnar til å vere vekke må ein søke om permisjon på førehand. Om du endar opp med ureglementert fråvær, eller kjem mykje for seint på jobb, kan du risikere at bedrifta seier deg opp eller hever lærekontrakten, åtvarar Kirketeig. 

pro sf logo

Pro Vestland opplæringskontor

Besøksadresse: Concordbygget, Firdaveien 6
Postadresse: Postboks 492, 6803 Førde
Telefon: (+47) 57 83 22 60
E-post: post@pro.sf.no
Organisasjonsnummer: NO980 026 655

Personvern

Hopp rett ned til innholdet