miljofyrtarn_pro_vestland_sf

untitled (50 of 1).jpg

I juni startar ein landsomfattande Læreplassjeger-kampanje, i regi av WorldSkills Norway i samarbeid med organisasjonar og fylkeskommunane. Då vil læreplassjegerar over heile landet jobbe for å rekruttere fleire lærebedrifter og læreplassar. Pro Vestland Opplæringskontor startar sin aksjon 10.06.20.

Totalt har 21.000 ungdommar søkt seg til ein læreplass i år. Læreplassjeger-kampanjen har som målsetting å sikre disse ungdommane ein læreplass. Kampanjen støttast av regjeringa og partane i arbeidslivet.

– Vi i Pro Vestland Opplæringskontor er ein av læreplassjegerane som vil jakte læreplassar i gjennom sommaren og ei stund ut på hausten, seier Jorunn Kirketeig, dagleg leiar på Pro Opplæringskontor.

 

Vi treng fleire læreplassjegerar
– Vi oppmodar alle fagforbund, bransjeorganisasjonar, opplæringskontor og skular til å bli læreplassjegerar. Det vil seie at dei bidreg til at bedrifter og verksemder blir oppsøkt og oppmoda til å bli lærebedrifter og til å ta inn lærlingar, seier Elisabeth Lange, sekretariatsleiar i WorldSkills Norway, som leiar kampanjen.
WorldSkills Norway vil i sommar sende ut fleire tusen brev til potensielle lærebedrifter basert på lister som er utarbeida i samarbeid med Utdanningsdirektoratet. Bedrifter som er interessert i å bli lærebedrift kan sjølv melde dette inn på www.læreplassjeger.no. Dei vil og bli kontakta av læreplassjegerane i dei respektive fylka.

 

Kort om kampanjen

  • Ei landsomfattande kampanje, som har til hensikt å støtte opp under fylkeskommunanes arbeid med å rekruttere fleire lærebedrifter og læreplassar

  • I tillegg til fylkeskommunane, er alle kommunar, fagforbund, bransjeorganisasjonar, opplæringskontor og skular også invitert til å bli læreplassjegerar

  • Tusenvis av lærebedrifter over heile landet vil få tilsendt rekrutteringsbrosjyre, og bli kontakta av læreplassjegerar

  • 95% av bedrifter som har hatt lærling hos seg har opplevd at dette er ein god måte å rekruttere nye medarbeidarar på

  • Potensielle lærebedrifter kan sjølv registrere interesse på: læreplassjeger.no

 

Kontaktperson:

Jorunn Eide Kirketeig
Jorunn.kirketeig@pro.sf.no
Telefon: 578 32 260
Mobil: 911 44 966

pro sf logo

Pro Vestland opplæringskontor

Besøksadresse: Concordbygget, Firdaveien 6
Postadresse: Postboks 492, 6803 Førde
Telefon: (+47) 57 83 22 60
E-post: post@pro.sf.no
Organisasjonsnummer: NO980 026 655

Personvern

Hopp rett ned til innholdet